|
Skuleåret 2010/2011
Sogndal vidaregåande skule ønskjer alle elevar velkomne til skulestart måndag 16. august kl 09.00 på Fosshaugane Campus (fotballbana). Pedagogisk personale møter til første planleggingsdag onsdag 11. august kl 08.00 på Gymnaset. Nedanfor finn du ulike informasjonsark.
|
|
2010.07.08 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
Inntakskalendar 2010/2011
Ved å klikke på "Les meir" finn du inntakskalendaren til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
|
|
2010.07.07 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
Den beste utsikten rundt skuleavslutninga !
Dei hadde kanskje den mest perfekte ramma for avslutningsfesten sin. Oppfylgjingstenesta sette punktum for skuleåret høgt oppe på Åberge - i fantastisk sumarvær.
|
|
2010.06.25 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
3 flotte år markert med festkveld.
Det er 3 år sidan elevane sette seg på tribunane for å starta på Sogndal vidaregåande skule. I går kveld vart den viktige epoken i livet deira avslutta med stor festkveld på Campus. Ikkje rart finstas som bunad,kjole og slips dominerte.
|
|
2010.06.17 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tenar. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
|
|
2010.06.15 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
Sogndals-lærling NM-vinnar
Bernt Erlend Fridell - nyleg utgått elev frå elektrolinja ved Sogndal vgs - kan titulera seg som NM-vinnar i el-fag. 19-åringen går no læretida i si i YIT i Øvre Årdal og vann NM i elektro i skarp konkurranse med lærlingar frå heile landet.
|
|
2010.06.12 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Fornøgde elevar - bygde for Molden
Dei har nettopp overlevert nytt sanitærbygg til Luster kommune - med god respons. Ikkje rart dei var fornøgde elevane i VG2 byggteknikk. Ein lettelse å vera ferdig - og sommaren er rett rundt hjørna !! Kanskje vankar det ein fottur til...?
|
|
2010.06.09 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Bygget og Fosshaugane endrar seg !
Bygginga av nye Sogndal vgs går etter planen - med opning om 14 månader. Mange vert imponert - etterkvart som bygget til 320 millionar reiser seg - dimensjonane er store.
|
|
2010.06.01 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Hybelfadder ??
Miljøkoordinatorane vil ha nye hybelfadderar frå starten av neste skuleår. Ein viktig jobb for å hjelpa nye hybelbuarar til rette i Sogndal. I tillegg får du flotte opplevingar og enkelte goder :) .
|
|
2010.06.03 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Beate Cecilie på Grand Prix.
Språk opnar dører seier Beate Cecilie Moen. Denne veka arbeider fransk - og engelsklæraren på Sogndal vgs for NRK med oppgåve å hjelpa dei 2000 journalistane som dekkjer Grand Prix. Ein morosam og spennande jobb fortel ho.
|
|
2010.05.26 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Globalt på biblioteket
Fargerikt, innhaldsrikt og spennande : Stikk innom biblioteket og få med deg utstilinga om dei store verdsreligionane. Utstillinga er open ut denne veka. I regi av biblioteket og den kulturelle skulesekken. I går ettermiddag hadde 3 IDB lagt undervisninga i religion og livssyn dit.
|
|
2010.05.26 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Hybelbrosjyre !
Fylkeskommunen har no utvikla eiga info-brosjyre for hybelbuarar. Klikk på lenka under - og les den. Nyttig info !!
|
|
2010.05.26 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Direktør på laftekurs
Eg var der absolutt som privatperson og hadde stor nytte av kurset. Det seier fylkesdirektøren for opplæring Bekka Skaasheim som nyleg avslutta kurs i lafting på Sogndal vgs - saman med 9 andre deltakarar. Felles for dei alle var å læra om gamle byggeteknikkar - og kanske ta dei i bruk sjølve.
|
|
2010.05.19 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Angåande meningokokksjukdom på Sogndal vgs
Det er påvist meningokokksjukdom (blodforgiftning) hjå ei russejente på skulen. Jenta er på betringens veg. Kommunelege Stensland seier at nære familiemedlemar og eventuell kjæreste må kontakte lege. Elevar som føler seg uvel, og elles har feber eller uklare utslett må ta rask kontakt med lege eller helsesøster.
|
|
2010.05.18 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
Russeknute med fornuft :)
Russen legg ned stor energi og kreativitet for å skaffa seg russeknutar. Blant dei mest fornuftige ,men mindre kjende knutane er å testa seg sjølv for clamydia ! Skulehelsetenesta har alt køyrt ein testrunde i slutten av april. Det resulterte i 50 knutar fortel skulehelsesøster Linda Habbestad Skorve. Eit klart fleirtal av dei som testa seg var jenter. Ny test mot clamydia vert 11. mai. Då utfordrar skulehelsesøster også fleire gutar til å stilla opp. Testane vert betalt av staten. Dei er fornuftige fordi det er viktig å ha fokus på kjønnsjukdommar blant ungdom seier Linda.
|
|
2010.05.09 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Sterkt i realfag
Eksamensresultata ved Sogndal vgs har gjennom åra vore solide. Sist år var mellom anna snittkarakterane i realfaga godt over både lands - og fylkessnittet viser ein oversikt frå Utdanningsdiretoratet. Fylkessnittet i Sogn og Fjordane er dessutan høgare enn landsgjennomsnittet. Det forsterkar den gode innsatsen ved skulen.
|
|
2010.05.04 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Det nye styret
Det nye elevrådsstyret er såvidt kome i gang med arbeidet sitt. Elevvelferd - og elevpolitiske saker er sjølvsagt det mest sentrale. Men me arbeider også med å få til ei endå betre samordning av Internasjonal Dag og Eshowe-prosjektet seier elevrådsleiar Karlis Bremers
|
|
2010.05.04 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Jubel for russerevy !
Sogndals-russen fornekta seg ikkje denne våren heller. Russerevyen 2010 føya seg inn i rekkja av vellukka russerevyar. Denne gongen var ikkje russen snauare enn at dei skapte sitt eige Utopia på heimebane: Heile lokalsamfunnet var utslått av svineinfluensa. Ein heilfrisk russ kunne ta full kontroll.
|
|
2010.05.04 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Langing !?
Fleire elevar på Sogndal vgs har engasjert seg. Sogndal Ungdomsråd inviterer no alle foreldre til info-møte om langing, alkohol og kriminalitet. Onsdag 28.april i kulturhuset. Elevar har laga teater om emnet.
|
|
2010.04.26 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
RUSSEREVY- premiere !
"Utopia"- based on a true story - har Sogndalsrussen - 2010 sett som tittel på årets russerevy. Tysdag 27. april er det premiere på revyen i Sogndal kulturhus. Klokkeslettet er 18.00. Revyen har også forestilling tysdag kl. 20.00.
|
|
2010.04.26 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Russen i opplæring !
Avspark for russefeiringa er torsdag 22. april. Då arrangerer skulen saman med russestyret stor trafikkdag - der politi, biltilsyn, og miljøarbeidarane medverkar. Både raud - og svartruss skal gjennom kursinga som vert avslutta med felles grilling ved gymnasbygget. Obligatorisk. Målet er å få ei russefeiring med mykje moro, men førebyggja uynskte hendingar og farar i russetida.
|
|
2010.04.21 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Informasjonsmøte for føresette og andre vaksne
Sogndal ungdomsråd inviterer føresette i Sogndal og Leikanger kommune, og elles andre vaksne som er opptekne av korleis ungdom har det, til informasjonsmøte onsdag 28. april kl 18-19.30 i kulturhuset. Tema er t.d. kriminalitet, alkohol og kva utfordringar ungdomar møter.
|
|
2010.04.21 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
Kronglete heimtur
Som så mange andre reisande i Europa vart 2. klasse media sitjande fast i London sist torsdag grunna vulkanutbrotet på Island. Dei starta først med å vente i London og håpet var å kunne kome heim med fly etter nokre dagar. Men turen heim skulle bli kronglete.
|
|
2010.04.19 av Jan Erik Bjørk
|
[Les meir...]
|
|
Vil du bli leiar?
Fylkeskommunen i samarbeid med Høgskulen I Sogn og Fjordane vil starte opp skuleleiarutdanning retta inn mot dei tilsette i vidaregåande skule. Studiet er eit av rekrutteringstiltaka våre.
|
|
2010.04.16 av Marianne Hagen
|
[Les meir...]
|
|
2 MK i korresp-møte !
Mandag fekk 2 MK på klassetur eit spennande møte med korrespondenten til Aftenposten i London. Eirin Hurum ga medielevane mange gode innblikk i den unike jobben ho har som journalist for Oslo-avisa. Særleg aktuellt sidan ho kom direkte frå eit korrespondentmøte om valet i Stb.
|
|
2010.04.12 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Speaker-debut
I går kveld var 18 år gamle Sondre Dalaker speaker på 1. divisjonskampen mellom Sogndal og Ranheim på Fosshaugane Campus ! SIL-fotball tilbaud eleven i 2 media speaker-jobben etter å ha høyrt stemma hans i anna mediearbeid som praksiselev. Sondre debuterte med glans :) Ute på grasmatta fekk også Ørjan Hopen i 2 Idrett nokre minuttar som innbyttar i 1. divisjonskampen.
|
|
2010.04.06 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Leksehjelp tysdag
Open skule m. leksehjelp tysdag 6. april frå 15. 30 . Vil du ha varm mat i tillegg kontaktar du miljøkoordinator innan 11. 30 - tlf: 41 53 06 00
|
|
2010.04.05 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Ralph og Marte - Nye miljøkoordinatorar !
Frå påske er 2 nye miljøkoordinatorar på plass som vikarar for Mathilde som går ut i morspermisjon. Marte Kviberg og Ralph Kruger har alt overlappa litt i stillinga - 50 % kvar.
|
|
2010.04.05 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
2 nye medieklassar
Det vert 2 førsteklassar på media og kommunikasjon også neste år. Det vedtok Opplæringsutvalet i dag. Vedtaket er i samsvar med tilrådinga frå direktøren for Opplæring. Medielinja held dermed fram som den største i fylket med totalt 5 klassar. Også Mo og Jølster fekk 2 førsteklassar i media frå hausten av.Det vert også ei klasse med allmennfagleg påbygging i Sogndal.
|
|
2010.03.25 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
God påske :)
Desse bileta frå skidagen-10 på Heggmyrane markerer inngangen på påskeferien. Enkelte ser nok fram til ein ferie med småsko og kortbukse , medan andre nettopp hungrar etter meir av dei flotte opplevingane på skidagen.
|
|
2010.03.25 av Inge Kjell Holme
|
[Les meir...]
|
|
Fylkesrelaterte nettstader
|