Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Den norske islamisten 1[1]

1. klasse får sjå «Den norske islamisten»

Måndag 30. oktober viser Den kulturelle skulesekken (DKS) dokumentaren «Den norske islamisten»,  ein film om Ubaydullah Hussain og Profetens Ummah. Elevane i 1. klasse skal sjå filmen på Førdehuset kl. 10:00.

Tekst: Guro Høyvik. Foto: Volt Film/Curry Film 

Hatretorikk og frustrasjon
Kvifor har Ubaydullah Hussain valt å tale IS si sak i Noreg? Korleis treffer bodskapen hans norske ungdomar? Korleis har livet i Noreg - mellom to kulturar og to religionar - påverka Hussain til å bli den han er i dag? Korleis greier han å overtale andre til å dra til Syria? Korleis påverkar den massive motstanden han?

Ubaydullah Hussain avslører korleis hatet mot vesten oppstår, han gir eit bilde av eit tankesett som lokkar mange vestlege ungdomar til IS. Filmen viser også logikken som ligg bak når frustrerte norske ungdomar let seg fascinere av Ubaydullah sin retorikk.

Den norske islamisten 2.jpg

Samtale med regissør
Dokumentaren er regissert av Adil Khan Farooq og Ulrik Imtiaz Rolfsen. Adil og formidlar Anders Fitje følgjer filmen på turneen og har ein samtale med elevane etter visninga.

Den kulturelle skulesekken sitt mål med å vise filmen er å gi innsikt i eit ekstremt miljø, der ungdomane sine handlingar kan få store konsekvensar for dei sjølve og for familiane deira. Vidare er det eit mål å gi elevane ei meir direkte innsikt i farane som Politiets sikkerhetstjeneste (PST) definerer som den største trusselen mot Noreg. I ei tid der ekstremisme og radikalisering er mykje omtalt i nyhende og samfunnet generelt ynskjer DKS å gå meir i djupna på nokre av problemstillingane knytt til dette. Kva vil det seie å vere innafor eller utanfor? Kva er kollektiv og individuell kultur? Kva er skilnaden på islam og islamisme?

Vel  møtt til filmvising og samtale!

Les meir

Les meir om dokumentaren «Den norske islamisten»

http://www.skulesekken.no

Den kulturelle skulesekken på Facebook

 

For meir informasjon

Trygve Apalset

rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Storehagen 1B, 6800 Førde

Trygve.Apalset@sfj.no

mob: +47 41530883

Tips ein ven Skriv ut