www.sogndal.vgs.no

0002 Portalbilete

3SFA med ein over 4 meter høg portal i Førde

Arkitektfirmaet Fortunen AS, skal 10. og 11. november presentere sine idear til sentrumsstrategi for Førde gjennom eit stort arrangement i Førde sentrum. Mellom anna skal portalen til Ellisiv Heltne frå 3SFA realiserast i stort format (over fire meter) på elvekanten på Tangen der tanken er at det skal kome ei gangbru over elva.

Elevane i 3SFA skal vere med å sette opp konstruksjonen torsdag og fredag. Professor Petter Bergerud ved Fortunen skal leie arbeidet saman med elevane våre. Grete Huus - viser elles til saka om 3sfa involvert i spennande byplanleggingsprosjekt på heimesida.

Kl. 18.00 på fredag skal det vere opning av Portalen. Håper vi ser mange frå skulen!

Program for arrangementet:

Program - Framtidas Førde.jpg

Tips ein ven Skriv ut