Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Adil Khan, temadagen den 21 september 2017- foto Mona Fossdal

Adil Khan med eit sterkt og personleg foredrag på temadagen

Adil Khan,- kjend frå mellom anna teater, TV-konkurransen «Dansefeber» som han vant i 2006, og som dommar i «Norske talenter» heldt eit sterkt og personleg foredrag på temadagen den 21. september. Vi fekk eit innblikk i oppveksten til Adil, om oppturar og nedturar i livet hans, og om kva som hadde forma han som person.

Adil påpeika også i kva grad media påverka sjølvbilete til dei unge, mellom anna gjennom forventningar knytt til kropp og utsjånad. Han gav døme på korleis kommersielle krefter tener på folks negative sjølvbilete. Adil oppfordra elevane til å ta eit oppgjerd mot deira indre stemme, når denne stemma er negativ- eller fortel at ein ikkje er god nok. Han framheva også kor viktig det er å gje kvarandre positive tilbakemeldingar- og at ein klapp på skuldra kan bety mykje.

Vi takkar for eit tankevekkande og flott foredrag.

Adil Khan - foto frå TV sending av Norske talenter.jpg

Foto over: Adil Khan frå TV-programmet "Norske talenter"

Temadagen er eit ledd i det førebyggande arbeidet i kommunen (SLT), og er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, Mo og Øyrane vgs, Hafstad vgs, Halbrend og Førde ungdomskule, Ungdomens Bystyre i Førde og politiet.

Tekst og ingressfoto: Mona Fossdal

Tips ein ven Skriv ut