Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Innovasjonscamp 2016

Alternativ energi i framtida

Innovasjonscamp 2016, Energi for framtida.

Den 22. november deltok 44 Vg2-elevar frå Hafstad vgs på ei spennande samling, der dei konkurrerte om å presentere beste innovative og miljøvennlege løysing for energibruk i framtida.

Tekst og foto: Hans Otto Holme

Alle Vg2-elevane som har eitt eller fleire av faga biologi, fysikk og kjemi deltok på samlinga. Det var to grupper frå Mo og Øyrane, og ei gruppe frå UWC som deltok, i tillegg til våre elevar. Kvar gruppe var på 5 elevar. Gruppa frå Mo og Øyrane vant med sin presentasjon, og vil gå vidare til landskonkurransen i Trondheim.

I tillegg blir ein elev frå kvar skule som deltok på innovasjonscampen – sendt vidare til konkurransen i Trondheim, der dei vil danne eit nytt mikslag. Frå Hafstad vgs vil Kjell Inge Erikstad delta.

Her er bilete frå innovasjonscampen:

01 Elevar frå Hafstad vgs på Innovasjonscamp 2016 - Foto Hans Otto Holme.jpg

Over: Elevar frå Hafstad vgs på innovasjonscamp. Foto - Hans Otto Holme

02 Vinnarane Innovasjonscamp 2016 frå Mo og Øyrane, og dommarpanelet - Foto Hans Otto Holme.jpg

Over til venstre: Vinnarane på Innovasjonscamp 2016 frå Mo og Øyrane vgs. Til høgre: Dommarpanelet. Foto - Hans Otto Holme

03 Bilete frå elevpresentasjonar på Innovasjonscamp 2016 - Foto Hans Otto Holme.jpg

Over: Elevpresentasjonar frå Innovasjonscamp 2016. Foto - Hans Otto Holme

 

Tips ein ven Skriv ut