Angst for tannbehandling?

Gjennom tilskot frå Helsedirektoratet tilbyr tannhelsetenesta tilrettelagt tannbehandlingstilbod for tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi). Tilbodet vert forkorta TOO og vart oppretta i 2015 i Sogn og Fjordane . 

Hos oss vil du få samtalar med psykolog og tilvenning til tannbehandling av tannhelsepersonell med spesialkompetanse. Behandlingsmetoden som blir brukt er hovudsakeleg kognitiv åtferdsterapi og blir utført i samarbeid med psykolog. Teamet som møter deg består av psykologen, tannhelsesekretær, tannpleiaren og/eller tannlege. Teamet vert kalla Tverrfagleg-team TOO. 

Hovudmålet med behandlinga

Hovudmålet med behandlinga er å trene deg opp til å meistre delar av tannbehandlinga som er vanskeleg for deg, slik at du i etterkant kan fortsette tannbehandling hos din faste tannlege eller tannpleiar. Om du ikkje har ein tannlege allereie vil vi hjelpe med å finne ein tannlege til deg.

Det tverrfaglege teamet behandlar hovudsakleg den tannbehandlingsrelaterte angsten, men utfører også varierande grad av tannbehandling som ein del av angstbehandlinga.

Behandlingskostnader

Behandlinga som vert utført innanfor TOO er kostnadsfri. Det same er naudsynt tannbehandling utført av tannlegar knytta til det tverrfalglege teamet. Eventuell framtidig tannbehandling hjå ein anna tannlege må du betale, dersom ein ikkje har andre spesifikke tilstandar i munn og tenner som gjev rett til trygderefusjon. https://helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester/hvem-betaler-tannlegeregningen-din

Tilvisning

Barn og unge mellom 10 og 20 år skal tilvisast frå sin offentlege tannlege. Vaksne kan vende seg direkte til TOO-teamet på eige initiativ eller vere tilvist frå tannlege, lege eller psykolog.

Om du trur at vi kan hjelpe deg eller har spørsmål om tilbodet er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss!

 

Teamet held til i Florø:

Florø Tannklinikk
Hamregata 6, postboks 1064
6901 Florø
Tlf. 57 74 66 80
E-post: odontofobiteam.floro@sfj.no

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Odontofobiteamet TOO
Florø Tannklinikk
odontofobiteam.floro@sfj.no
57 74 66 80

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Clara Øberg, konstituert fylkesdirektør for tannhelse, passbilete

Clara Øberg

Direktør for tannhelsetenesta

clara.oberg@sfj.no
415 30 713

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no