Bilete av komitegjengen for årets Krafttak mot kreft

Komitegjengen. F.v. Marita Myklemyr Holen, Silje Marie Foss, Ivonn Brugrand Lingjerde og Ingrid Natvik Ødegård (Foto: privat)

Årets krafttak sette solid rekord

Russen ved Sogndal vgs kan juble over innsamlingsrekord etter årets deltaking i Krafttak mot Kreft.

Russen har i mange år delteke i Krafttak mot Kreft, i år gjekk 156 elevar med bøsser i kommunane rundt og i Sogndal.

Den store aksjonsdagen var måndag den 6. mars, men mange av hybelbuarane brukte helga til innsamling på sin heimstad.

Resultatet etter innsamlinga i Sogndal i 2017 vart 363 891,- og dermed slo dei fjorårets innsamlingsrekord med om lag 20 000,-

Ein imponerande innsats for ei god sak, godt jobba!

Ivonn Brugrand Lingjerde, Ingrid Natvik Ødegård, Silje Marie Foss og Marita Holen sto for planlegginga og organiseringa av den store, årlege aksjonen. Sjølvsagt skal òg bøsseberarane ha sin del av rosen.

Årets aksjon går til forsking og eit betre tilbod til pasientar som lever med ulækjeleg kreft.

Tips ein ven Skriv ut