Foto frå den offisielle opninga av ny maskinromssimulator ved fagskulen i Måløy. Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes klypper snora.

Foto: Bjarne Husevåg

Åshild Kjelsnes opna maskinromssimulator i Måløy

Den nye maskinromssimulatoren ved fagskulen i Måløy er ein av landets største og mest moderne maskinromssimulatorar i fagskulesamanheng.

– I dag har vi grunn til å feire – endeleg er den nye maskinromsimulatoren på plass, og vi kan ta utdanningstilbodet endå eit steg i rett retning. Utdanning er hjarta i næringsutviklinga og nøkkelen til å kome seg vidare. Vi vil alltid ha bruk for nytt personell og meir kompetanse, og det betyr mykje å ha ein slik utdanningsinstitusjon som fagskulen i Måløy, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes då ho stod for den offisielle opninga av simulatoren.

Viktig for framtidige maskinoffiserar

Simulatoren er bygd opp slik at det er ingen avgrensing ved teknologiske framsteg. Han kan simulere alt frå konvensjonelle anlegg til batteri-, hybrid- og hydrogenanlegg for fartøy av alle typar og storleikar. Satsinga har kosta om lag tre millionar kroner.

Inviterte gjester frå politikk, rederi, opplæringskontor, leverandørar og entreprenørar heldt helsingstaler ved opninga. Alle understreka betydinga av kva denne investeringa vil ha å sei for framtidige maskinoffiserar både lokalt og regionalt.

Mykje samarbeid i Måløy

Rektor Reidar Grønli sa i takketalen sin at han på vegne av fagskulen var både stolt og glad for at dette tilbodet no er på plass. Han takka dei som har utført arbeidet med ombygginga og såg fram til eit nært samarbeid med både Måløy vidaregåande skule, Sikkerhetssenteret i Måløy og andre som kan ha nytte av å bruke simulatoren.

Fylkesvaraordføraren la vekt på viktigheita av samarbeidet med næringslivet i talen sin.

– Måløy er ei av landets viktigaste fiskerihamnar og har ei lang historie innan skipsfart. Samarbeidet med næringslivet er viktig, og fagskulen forsterkar kompetansemiljøet i Måløy. Slik skal det fortsette. Til lukke med dagen og lukke til vidare, sa ho.

Du kan sjå fleire bilete frå opninga på heimesida til Måløy vidaregåande skule.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00