Elevane i økonomi var samla i kinosalen for å høyre om Malakoff. Dekoren i bakgrunnen er laga av elevane på design og handverk.

Elevane i økonomi var samla i kinosalen for å høyre om Malakoff. Dekoren i bakgrunnen er laga av elevane på design og handverk.

Backstage med Malakoff

Elevane fekk vere publikum på «førpremiera» på den nyaste reklamefilmen frå Malakoff 2016, der dukka det også opp kjende fjes – stor stas! 

Rett før helga hadde økonomielevane på vg2 og vg3 besøk av Gunn Guddal som er tilsett som administrasjonssjef i Malakoff.

Vi fekk høyre historia bak festivalen og vi fekk eit innblikk i korleis organisasjonen er oppbygd, kva visjon dei strekker seg etter, økonomi, samarbeidspartnarar, vidare satsingsområde og mange andre interessante fakta. God økonomistyring er ein av suksessfaktorane for Malakoff, som har 15. årsjubileum i år.

Elevane fekk vere publikum på «førpremiera» på den nyaste reklamefilmen frå Malakoff 2016, der dukka det også opp kjende fjes – stor stas!  Her er lenke til den ferdige reklamefilmen 

Økonomielevane fekk innblikk i  samansetting av produktet til festivalen, varer og tenester og korleis artistar er fordelt på sjanger og nasjonalitet. Hovudtyngda av artistane er norske, men store namn frå USA, UK, Sverige m fl. har stått på scena i Malakoff. Dei størte utgiftspostane er knytt til booking og tekniske tenester, lyd lys og scene.

Malakoff starta opp som eit ansvarleg selskap, men vart i 2005 register som ein ideell organisasjon. Det vil seie at det ikkje vert teke ut utbytte, alt overskot vert ført tilbake til organisasjonen.  

Tusen takk til Gunn for flott foredrag, vi sit at med mykje kunnskap  – og vi gler oss allereie til Malakoff 2017!

 

Kari-Lise og Renate

Tips ein ven Skriv ut