www.sogndal.vgs.no

Plakat for barnehagekonsertane 2015. Copyright: Rikskonsertene.

Plakat for barnehagekonsertane 2015. Copyright: Rikskonsertene.

Barnehagekonsertane

Ordninga med barnehagekonsertane er lagt ned i si noverande form frå januar 2018. Det var eit samarbeid mellom fylkeskommunane og Rikskonsertane.

Rikskonsertane er no lagt om til Kulturtanken, Kulturdepartementet sin etat for kunst og kultur til born og unge i skulen. Barnehage ikkje ligg i mandatet til Kulturtanken.

Fylkeskommunen er inne i ein prosess for å sjå på ulike framtidige modellar når det gjeld kunsttilbod i barnhagane og vil kome tilbake til dette.

80 barnehagar med

Barnehagekonsertane var eit konserttilbod til born i alderen tre til fem år. Rikskonsertane og fylkeskommunane delte kostnadene likt. I perioden 1992–2018 vart det gjennomført 60 turnear, 800 konsertdagar og 1600 konsertar for eit publikum på 60 000 barnehageborn i Sogn og Fjordane.

Om lag 80 barnehagar i Sogn og Fjordane var med på ordninga med ein konsert per år. Innhaldet i konsertane var særskilt tilrettelagt for målgruppa, mellom anna ved at borna fekk medverke på konsertane på ulikt vis. Det har vore nytta eit stort spekter av utøvarar i alle sjangrar. Både distriktsmusikarar, fylkesmusikarar og frilansmusikarar frå inn- og utland har vore med.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øyvind Lyslo
Musikkprodusent
oyvind.lyslo@sfj.no
901 13 433

Relaterte lenker

Eksterne lenker