Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule
Besøk i undervisninga på Hafstad vgs, av molekylærbiolog Tonje Bøyum Riste

Besøk i undervisninga på Hafstad vgs, av molekylærbiolog Tonje Bøyum Riste

Besøk av molekylærbiolog i undervisninga

VG1-elevar ved Hafstad vgs fekk nyleg besøk av Tonje Bøyum Riste, som er molekylærbiolog ved Helse Førde. Her kan du lese meir om kva elevane fekk lære denne dagen. 

Tekst: Kjellfrid Støylen

Foto: Ole Johnny Devik

Besøk i undervisninga

Hafstad vgs hadde besøk av Tonje Bøyum Riste som er molekylærbiolog ved Helse Førde. Tonje kom for å snakke om sin studieveg for å bli ein som kan skikkeleg mykje om DNA, og korleis studiar innan kjemi, matte, fysikk og biologi hjelpe deg til å bli ein god molekylærbiolog.

Tonje er ein del av Rollemodell-ordninga som vart skipa i 2011 av kunnskapsdepartementet, for å få fleire til å velje realfag. Noreg er langt framme på teknologi og realfagleg kunnskap, men det er viktig at ungdommen òg vel desse faga for å sikre framtidig nyskaping innan teknologi og forsking.

Emnet molekylærbiologi passa spesielt godt for VG1 elevane som akkurat no held på med emnet bioteknologi i naturfag. Naturfag er ein fin innfallsport til realfaga og mykje av det kjekke som vi gjer på i naturfag som laboratoriearbeid og undersøkjing av ulike prosessar, er det ein faktisk jobbar med som framtidig molekylærbiolog òg. Tonje snakka om si rolle i å halde oppsyn med influensa-epidemien her i fylket, og kunne fortelje oss at det ser ut som at verste perioden med dette er over. Ved å ta prøver frå nasa til sjuke folk kan ein ved hjelp av DNA-analyse finne ut kva virus det er, og på den måten vite kva behandling som fungerar best i høve til å bli kvitt det. Molekylærlaboratoriet på sjukehuset held og på med kreftcelleanalysar, der same metode med DNA-analyser blir gjort for å finne beste behandlinga.

Realfagsundervisning - Molekylærbiolog Tonje Bøyum Riste på besøk på Hafstad vgs.jpg

Over: Elevar frå Hafstad vgs, og molekylærbiolog Tonje Bøyum Riste

Tone haldt eit inspirerande foredrag som ein håpar gjer at fleire vel realfag og satsar på bioteknologi, det er der den største teknologiske utviklinga skjer no i dag. Elevane såg ut til å ha interesse for biologi og kjemi til neste år, så her er håpet stort om at det blir framtidige bioteknologar!

Tips ein ven Skriv ut