Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek
Bilete syner biblioteket ved Sogndal vidaregåande skule

Biblioteket

Skulebiblioteket er ei teneste for elevar og lærarar på Sogndal vgs.
Her kan ein låne skjønn- og faglitteratur, tidsskrift, dvd-ar og ordbøker (dagslån). Biblioteket har óg fleire leseplassar og grupperom du kan nytte.

På biblioteket finn du òg lokalavisene i fylket og nokre riksdekkjande aviser.

Bibliotekaren har introduksjonar i bibliotekbruk for både elevar og tilsette, driv opplæring i kjeldekritikk og siteringsteknikk, og gir råd i litterære spørsmål. 

Er det ei bok du gjerne vil låna som ikkje er på bibliotekhyllene, kan bibliotekaren skaffe boka frå andre bibliotek!

Bibliotekaren er òg ansvarleg for utlånet av læremiddel til elevane.

Ver merksam på at vi har felles biblioteksbase med Sogndal folkebibliotek. Du må difor anten avgrense søket til avdeling "vidareg.skule" eller sjekke på den enkelte tittelen kva avdeling som eig boka!

Opningstider

Mandag – fredag 08.00 – 15.30

Biblioteket kan nyttast sjølv etter skuletid, men ver merksam på at inngangsdørene til skulen og biblioteket, stengjer automatisk kl 16:00.

Biblioteket - bokreoler.jpg

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

ElseBritaNess.jpg

Else Brita Ness
Bibliotekar
else.brita.ness@sfj.no
57 67 64 29