www.sogndal.vgs.no

ingressbilete bibliotek m tekst 2

Velkommen til biblioteket!

Biblioteket er ope alle dagar 08.00 – 15.30

Bibliotekar: Anne Kari Faleide

I biblioteket på Hafstad vidaregåande skule kan du låne:

I tillegg til sjølve bibliotekrommet har me også:

  • Stille lesesal
  • ”Bibliotekstove” med gruppebord
  • 6 datamaskiner for søk på internett
  • Kopimaskin (du får kjøpt kopikort på biblioteket)

Bibliotekbilete - Foto - Sunniva Grimstad Hestenes_1024x683.jpg

Over: Elevar på biblioteket ved Hafstad vgs. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Lån

Når de skal låne bøker eller utstyr brukar de utlånsmaskina. Alle elevar på Hafstad har nasjonalt lånekort, dette kortet kan brukast på alle bibliotek i Noreg. Lånetida på bøker og andre media er fire veker. Når de leverer kan de legga bøkene i innleveringskassen som står utanfor biblioteket.

Informasjonssøk

I biblioteket kan du søke informasjon, arbeide åleine eller i grupper, lese aviser og tidsskrift eller bruke datamaskinene. Alle nye klassar får tilbod om opplæring i informasjonssøking. Rettleiing med å finne stoff til oppgåver og prosjekt vert gitt.

Tips om kjeldekritikk, nettsøk og korleis skrive kjeldeliste

Kjeldekritikk PDF document ODT document

Kjeldetilvisingar og litteraturliste PDF document ODT document

Søkjetips PDF document ODT document

Særemnetips PDF document ODT document

NDLA har også ei grei oversikt over korleis ein skal søkje etter informasjon.

Utlånsreglar

Lånetida på bøker og tidsskrift er 4 veker
Oppslagsverk og ordbøker skal ikkje lånast med heim

For sein levering

Dersom bøkene ikkje vert leverte attende i rett tid vert det sendt 2 purringar via e-post. Etter 2 purringar vert det sendt rekning.
NB! Dersom lærebøker ikkje vert leverte ved skuleslutt vert det sendt rekning utan purring først.

Erstatning

Elevar er ansvarlege for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2 purringar utan reaksjon frå eleven vert det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar. (På Fronter - Felles info. til alle elevar - Arkiv - Bibliotek finn du informasjon om innlevering av bøker).

Bibliotek - Foto - Sunniva Grimstad Hestenes 3.jpg

Over: Biblioteket ved Hafstad vgs. Foto: Sunniva Grimstad Hestenes

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Anne Kari Faleide svhv.jpg

Anne Kari Faleide

Bibliotekar

anne.kari.faleide@sfj.no

57 63 79 50

Relaterte lenker