www.sogndal.vgs.no

Elevane i breddeidrett testar nye treningsformer

Elevane i breddeidrett testar nye treningsformer

Breddeidrett

Skulen har eit tilbod i breiddeidrett for alle elevar på heile skulen uansett kva for programområde du går på. Faget er eit programfag frå idrett og er på 5 t/v. Det er lagt opp sånn at du trenar før skuletid ein gong i veka. Det ligg også ein time i veka på timeplanen. I tillegg trenar du utanom skulen med din idrett kvar veke. Det er eit tilbod kvart år og ein kan ta breiddeidrett 1, 2 og 3.

Galleri

13340683_10153434019321946_2102004341_o
IMG_9233 2
13275183_10153434022191946_1095357334_o
13321256_10153434020221946_1268909804_o

Breiddeidrett  er for deg som ønskjer å ha ein breidde i idrettskunnskapen din.  Du lærar om ulike helsefremjande aktivitetar og korleis ulike aktivitetar verkar på kroppen. Her skal du vise ferdigheiter i både ein individuell idrett og ein lagidrett. Du får vere med å planlegge og arrangere aktivitetar for dei andre elevane ved skulen. Det er ikkje krav til konkurransar, men det er krav til eigentrening og treningsdagbok.

Faglærar er Arnt-Ivar Naustdal. Skulen har eit godt samarbeid med fotballgruppa og handballgruppa på Eid. Du får standpunktkarakter i faget og kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen.

Det blir fellesinformasjon til interesserte elevar etter skulestart, følg med på informasjonstavla.

Lærarane i breddeidrett, Arnt-Ivar og Renate hadde med seg elevane som hadde programfaget breddeidrett 1 og 2 forrige skuleåret på studietur til det nystarta treningssenteret i Stryn, Gym Stryn. Lærarar og elevar ønskte seg meir kunnskap og inspirasjon innan treningskonseptet Crossfit, i tillegg til å introdusere elevane for den stadig veksande treningsforma.

Grunder Ann-Kristin Grodås og tilsett Marta Myklebust hadde laga eit opplegg med teoriundervisning på Stryn vgs, der gruppa fekk innblikk i korleis dei har organisert sine Crossfittimar, og kva ulike oppfatningar folk har om dette treningskonseptet. I tillegg kom det fleire spørsmål frå interesserte elevar om korleis ein kan tilpasse denne type trening til sin spesialidrett.

Det var mange spente både elevar og tilsette som etter kvart fekk testa ut ulike øvingar og ikkje minst utfordra si komfortsone under den praktiske økta.

Ein sprek og kjekk tur!

Her finn du meir informasjon om breiddeidrett.

 

Tips ein ven Skriv ut