Sogndal vidaregåande skule
Opning av nytt skuleår - elevar på tribunen

Bry deg – ver inkluderande – gje støtte

Skuleåret 2017/18 på Sogndal vgs vart måndag opna av skulen sin nye rektor Ole Jørgen Øygarden. I opningstalen til dei nærmare 800 elevane framheva rektor ideala i MOT-kampanjen, der eit godt sosialt miljø er ein grunnpilar for å oppnå god læring og få elevane til å blomstra. Sogndal vgs er ein skule med gode resultat og høg elevgjennomføring. Det er like viktig at de som elevar har ein trygg og god skulekvardag der alle får utvikla seg sa rektor. Han ba alle sei frå mot eikvar form for mobbing – ikkje minst den som kan skje på sosiale media.

Tekst: Inge Kjell Holme
Foto: Youri van der Werve

Rektor opna nytt skuleår, 2017-2018Rektor Ole Jørgen Øygarden

Elevrådsleiar: Bli gode kulturbyggjarar!

Elevrådsleiar Eirik Sundsøy oppfordra elevane til å vera inkluderande, byggja godt samhald og skapa trivsel. Sundsøy var oppteken av at Sogndal vgs er MOT-skule. Med 302 nye elevar i Vg1 er den første tida viktig for å utvikla gode sosiale miljø sa Sundsøy.

Elevrådsleiar Eirik Sundsøy held tale
Elevrådsleiar Eirik Sundsøy

I tillegg helsa også ordførar Jarle Aarvoll og Rasmus Mo / Sogndal Fotball til elevane.

 

Tips ein ven Skriv ut