Sogndal vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Bygg- og anleggsteknikk
Bilete syner elevar som lærer seg oppmålingsutstyr

Foto: Focus UB

Bygg- og anleggsteknikk

Er du praktisk anlagt og har godt handlag? Liker du å sjå resultat av jobben du gjer? Elevane på bygg- og anleggsteknikk har aktive og lærerike dagar både inne og ute.

Startar du eit utdanningsløp på bygg og anleggsteknikk (BAT) kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på BAT ved Sogndal vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan anleggsfag, tømrarfag, betongfag, ventilasjonsfag og røyrleggjarfaget.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit. Du bør kunne arbeid sjølvstendig og saman med andre i yrker der helse, miljø og tryggleik står sentralt.

Les meir om faget Bygg- og anleggsteknikk og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - BAT

Bygg- og anleggsteknikk ved Sogndal vidaregåande skule

Sogndal vgs har ei moderne BAT avdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På Vg1 og Vg2 vert utplassering i bedrift nytta som læringsarena. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr desse kursa innan yrkesfaget Bygg- og anleggsteknikk:

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på BAT avdelinga og du vert ein del av eit stort fagmiljø. Det er kort veg til dei andre yrkesfaga på skulen som blant anna Elektro og Teknikk og industriell produksjon. Skulen har store og flotte lokale som stod ferdige hausten 2011.

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning: Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, Fagskuleutdanning og/eller Ingeniørutdanning – Y-vegen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no

Relaterte lenker