Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Byggeprosjekt

Eid VGS

Prosjektet gjeld eit mindre tilbygg (220m2) til Eid vgs som er kome fram etter eit behov frå Eid kommune for undervisningsareal til nykomne flyktningar. Det er eit kommunalt og fylkeskommunalt ynskje at undervisningar vert lagt til Eid vgs slik at det er høve til samarbeid om det pedagogiske opplegget og ha ei god integrering. Prosjektarbeidet er forsinka i høve opphavleg plan pga avklaringar omkring grunntilhøva. Prosjektet vert venteleg klart til kontrahering og oppstart av entreprisar medio 2018.

Måløy VGS

Det er planlagt rehabilitering av eksisterande bygningsmasse (blokk B og C) ved Måløy vgs. Bygningsmassen treng rehabilitering ut over normalt vedlikehald og planmessige endringar for å betre tilkomst, funksjonalitet og universell utforming. Det er gjennomført eit forprosjekt og kalkulert kostnader. Det er planlagt at prosjektet skal vere klart til kontrahering og oppstart av entreprisar medio 2018.

Nytt opplærings- og kompetansesenter i Førde

Etablering av eit nytt opplærings- og kompetansesenter i Førde er eit investeringsprosjekt som legg opp til samlokalisering av Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule til ein felles ny vidaregåande skule i Førde (fysisk samanslåing gjeld ikkje avd. Mo) og samlokalisering med fagskulen. Prosjektet omfattar vidare ny tannhelseklinikk i Førde og bygging av fleirbrukshall. Det er inngått ein intensjonsavtale om vidare arbeid i saka. Det vert arbeidd vidare med å legge til rette føresetnader for eit ev. sal av Hafstad vgs, vidareføring av program- og konseptarbeid, samt oppfylgjing av reguleringsprosessar for området i samsvar med avtalen.

Sogndal vgs - avd Kaupanger inkl. Vitensenter

Eksisterande lokalitetar på Kaupanger til programområda anleggsteknikk og transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule er ikkje tilfredsstillande. I dag er dette lokalisert på to stader som uansett vil krevje oppgradering og investering. Det er i 2017 utarbeida eit mulegheitsstudie for å samle aktiviteten og bygge nytt til dette føremålet. Næringslivet har samstundes initiert eit prosjekt med Vitensenter på fylkeskommunen si tomt på Kaupanger. For prosjektet som omhandlar nye areal til den vidaregåande skulen er det planlagt å utarbeide forprosjekt og detaljprosjekt i løpet av 2018. Når det gjeld delen med eit ev. vitensenter så er det venta at initiativgruppa/eigarane av konseptet gjer vedtak om ev. vidareføring av prosjektet og etablering av selskapet primo 2018, slik at den vidare planlegginga kan gjerast samla for prosjektet.

Flora idrettshall

Flora vidaregåande skule leiger i dag store deler av Flora idrettsenter til undervisning i kroppsøving og idrett på dagtid. I dialog med Flora kommune og Flora Idrettsenter AS er det gjort vurderingar av ev. nye framtidige eigar- og driftsmodellar. Det er behov for avklaringar omkring ein ev. ny eigar- og driftsmodell for anlegget. Mellom anna må avklaringar omkring ev. kjøpesum, utleigeavtalar, driftskostnader, oppgraderingskostnader, spelemidlar, mm gjerast. Det vert lagt opp til avklaring på prosjektet i løpet av første halvår 2018.

Stryn vgs - ombygging kjøkken m.m.

Kjøkkenavdelinga ved Stryn vidaregåande skule står delvis ubrukt sidan ein gjennom skulebruksplanen la ned utdanningsprogrammet for restaurant og matfag. Noko storkjøkkenutstyr er flytta til andre utbyggingar og arealet må ombyggast til tenlege undervisningsareal/utleigeareal for skulen. Det er utarbeida eit forprosjekt og tiltaket er planlagt gjennomført i 2018.

Høyanger vgs - ombygging

Ombygginga gjeld tilpassing av areal etter endringar i programområde. Vidare vil planlagt utbygging av tannhelsestasjonen krevje nokre ombyggingar av laboratorie og eit nytt auditorie. Det er utarbeida skisser og kostnadsvurderingar og tiltaket er planlagt gjennomført i 2018.

Mo og Øyrane vgs - nytt verkstadbygg

Det er behov for nytt felles verkstadbygg for gardsdrifta og for anleggslinja ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Prosjektet vil i 2018 omfatte ein utviklings- og forprosjektfase der behov, løysingar og økonomiske vurderingar må gjerast.

Mo og Øyrane vgs - ridehall

Prosjektet er ei komplett løysing med grunnlag i det vedtekne rom programmet frå 2006 (sak 21/06). Prosjektet inneheld ridehall (20x60m) med funksjonsrom som lager, garderobar, toalett, hovslagarrom, liten tribune og eit fleksibelt rom til undervisning, utleige, klubbhus og sosiale aktivitetar. Areal og tilkomst er universelt utforma. 

Sogn Jord- og Hagebruksskule - ysteri/garderobe

Det er knytt nokre bygningsmessige utfordringar til fjøsbygget ved Sogn jord- og hagebruksskule. Dette gjeld i første rekkje ysteridelen og garderobeanlegget. Det er utarbeidd forprosjekt. Skulen har motteke gåve frå Aurland Sparebank på 1 mill. kr til prosjektet. 

Fellesmagasin for musea 

Det er utarbeida skisseprosjekt (''kløften''), for fellesmagasinet og prosjektet har vore gjennom ein prosess med kostnadsreduserande tiltak. Den skisserte kostnadsdelinga mellom stat, fylkeskommune og kommune er:

  •  Statleg finansiering: 1/3
  •  Regionalt nivå 2/3, der fylkeskommunen finansierar 60% og kommunen 40%.

Det er i 2017 utarbeida eit forenkla forprosjekt og dette la grunnlaget for søknad om statleg medfinansiering. Regjeringa legg ikkje opp til løyving til tiltaket i statsbudsjett for 2018 og prosjektet er defor skyvd i høve planlagde løyvingar i samsvar med dette.  

Sogndal VGS

Sidan 2002 har det vore eit overordna mål å samle Sogndal vgs på ein stad - på nordsida av Fosshaugane Campus. Byggesteg I og II er no i all hovudsak gjennomført og dette inkluderer og byggningsmessige endringar og tekniske oppgraderingar av Sogndal idrettshall samt areal til restaurant- og matfag. Statbygg har overteke det gamle ''almennfagbygget'' i august 2017. Det gjenstår ein del etterarbeid, prøvedriftssaker, sluttoppgjer og avklaringar omkring t.d. parkering som det vil bli arbeida med fram mot ei endeleg sluttmelding av prosjektet.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Norvald Fosse
​Senioringeniør
norvald.fosse@sfj.no
970 30 817

Arve Borlaug
Overingeniør
arve.borlaug@sfj.no
415 30 960

Roald Dyrdal
Overingeniør
roald.dyrdal@sfj.no
932 33 754

Rickard Sundell
​Overingeniør
rickard.sundell@sfj.no
957 00 698

Audun Torvaldsen
Avdelingsingeniør
audun.torvaldsen@sfj.no
​958 93 270

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven