|
Rettar
Vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller
25 år.
Vurdering av realkompetanse
Fylkeskommunen har plikt til å sørgja for at vaksne søkjarar med slik rett til vidaregåande opplæring får kartlagt og vurdert eigen realkompetanse, og tilby søkjarane opplæring ut frå denne vurderinga. Med realkompetanse meiner ein den formelle og uformelle kompetansen den vaksne har.
Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få realkompetansen sin vurdert dersom kommunen eller NAV ber om det.
Målet med realkompetansevurderinga er å kartleggja den kompetansen ein har, og samanlikna den med kompetansemåla i dei ulike læreplanane. På den måten kan ein avgjera kva opplæring ein manglar for å få den sluttkompetansen ein ønskjer.
Opplæringa
Opplæringa skal vere spesielt tilrettelagt for vaksne. Ein skal så langt det er mogleg, ta omsyn til den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.
Vaksne som er tekne inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføra opplæringa.
Kontakt
Vaksne søkjarar i Sogn og Fjordane kan ta kontakt med opplæringsavdelinga i fylkeskommunen for råd og rettleiing om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.
Kontaktpersonar er:
Nils Taklo – rådgjevar fag- og vaksenopplæring nils.taklo@sfj.no –
tlf 578 85229 / 90 91 86 98
Olav Njøs – teamleiar fag- og vaksenopplæring olav.njos@sfj.no -
tlf 576 56203 / 97 16 05 20
Mari Anne Sundal – engasjert for skuleåret 2011/2012 mari.anne.sundal@sfj.no
tlf 576 56 222 / 415 30 892
Søknad skjer via www.vigo.no
Heimesida til fylkeskommunen
|