Vaksenopplæring

Rettar
Vaksne som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 
25 år.

Vurdering av realkompetanse
Fylkeskommunen har plikt til å sørgja for at vaksne søkjarar med slik rett til vidaregåande opplæring får kartlagt og vurdert eigen realkompetanse, og tilby søkjarane opplæring ut frå denne vurderinga. Med realkompetanse meiner ein den formelle og uformelle kompetansen den vaksne har.

Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få realkompetansen sin vurdert dersom kommunen eller NAV ber om det.

Målet med realkompetansevurderinga er å kartleggja den kompetansen ein har, og samanlikna den med kompetansemåla i dei ulike læreplanane. På den måten kan ein avgjera kva opplæring ein manglar for å få den sluttkompetansen ein ønskjer.

Opplæringa
Opplæringa skal vere spesielt tilrettelagt for vaksne. Ein skal så langt det er mogleg, ta omsyn til den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.

Vaksne som er tekne inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføra opplæringa.

Kontakt
Vaksne søkjarar i Sogn og Fjordane kan ta kontakt med den næraste vidaregåande skulen for råd og rettleiing om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.

Kontaktperson ved Sogndal vidaregåande skule er Bjarne Alme.
Du kan kontakte han på telefon 57 67 64 32, eller e-post bjarne.alme@sfj.no.

Søknad skjer via internett
Dersom det ikkje går, kan du senda søknadsskjema til: 
Sogndal vidaregåande skule, Vaksenopplæring, Trolladalen 28, 6856 Sogndal.

Last ned søknadsskjema her.
Rettleiing for utfylling av søknadsskjema.

 



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved