Elevar ved eit studieførebuande utdanningsprogram kan få godkjend eitt år opplæring i utlandet som likeverdig med Vg1 eller Vg2 i Noreg.
Vilkår for godkjenning av opplæringa som likeverdig med Vg2
For å få godkjend eit år som likeverdig med Vg 2, må desse føresetnadene vera oppfylte:
Du må visa formell dokumentasjon på at opplæringa i utlandet er gjennomført på eit fagnivå tilsvarande Vg2 og at du har følgd alle fag i eit fullt skuleår i utlandet.
Du må dokumentera at du kan bli teken inn eller flytta opp til neste trinn i skulesystemet i det landet du er i.
Du må ha det faglege grunnlaget som trengs for å følgja opplæringa på Vg3 når du kjem tilbake til Noreg.
Utdanningsprogram for studiespesialisering
Innhaldet i opplæringa må ha hovudvekt på allmenne fag (general studies).
Opplæringa må innehalda minst to av faga vi tilbyr innafor det programområdet du søkjer deg inn på, som du kan byggja vidare på i Vg3.
Utdanningsprogram for idrettsfag
Innhaldet i opplæringa må ha ein kombinasjon av allmenne fag og idrettsfag.
Når du kjem att frå utlandet
Når du har fått godkjend opplæringa i utlandet, treng du ikkje ta norske fag som du skulle hatt som heiltidselev i Vg2 etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet, sjølv om du ikkje hadde desse faga det året du var i utlandet. Du må likevel dokumentera at du har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæringa i dei faga som kjem inn under minimumskrava for generell studiekompetanse. Dersom du ikkje fyller dette kravet, må du ta desse faga som elev eller privatist i Noreg før du får vitnemål.
Minimumskravet til generell studiekompetanse omfattar faga:
Norsk: 393 timar (14 veketimar à 45 min)
Matematikk: 224 timar (8 veketimar à 45 min)
Naturfag: 140 timar (5 veketimar à 45 min)
Engelsk: 140 timar (5 veketimar à 45 min)
Samfunnsfag:84 timar (3 veketimar à 45 min)
Historie: 169 timar (6veketimar à 45 min)
Du må følgja opplæringa i alle fag på Vg3 når du kjem attende til Noreg.
Godkjenning Vg1 og Vg3
Det er også mogleg å få godkjend eitt år i utlandet som likeverdig med Vg1. Føresetnadene er hovudsakleg dei same som omtalt ovanfor.
Det vert ikkje gjeve godkjenning for opplæring i utlandet som erstatning for Vg3 i Noreg.
Elev som ønskjer å ta opplæring i utlandet i staden for Vg3 i Noreg, må få eventuell dokumentasjon på fullført og bestått opplæring på lærestaden i utlandet.
Kvar skal du reisa?
Dei organisasjonane som tilbyr utvekslingsopphald, har avtalar med skular over heile verda. Det beste er om du søkjer til eit land som har tilsvarande skuleår som Noreg. Land som t.d. Australia og New Zealand har avvikande skuleår (dvs skuleåret startar i januar og avsluttar mot jul). Du kan ikkje rekna med å få godkjent opphald med avvikande skuleår som erstatning for Vg1/Vg2.
Korleis søkjer du?
Det første du gjer, er å kontakta ein av dei organisasjonane som har spesialisert seg på elevutveksling. Søknad sender du til dei, gjerne på internett. Søknadsfristen kan variera frå organisasjon til organisasjon. Etter ei stund vil du bli kalla inn til intervju. Det kan òg henda at du må ta ein språktest.
Når du har fått svar om opptak, søkjer du Sogndal vidaregåande skule om å få godkjent skuleåret som Vg2. Skulen har laga eigne søknadsskjema som du kan bruke når du søkjer om slik godkjenning.
Søknadsskjema utdanningsprogram for studiespesialisering. Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)
Søknadsskjema utdanningsprogram for idrettsfag. Kontakt rådgjevar.
(fyll ut personleg informasjon der det er klammer <..>)
Dersom du har skaffa deg vertsfamilie og skuleplass sjølv, sender du søknad om godkjenning til Sogndal vidaregåande skule, der du legg ved dokumentasjon som viser at du har fått skuleplass. Slik dokumentasjon må du òg leggja ved søknaden du sender til Lånekassen.
Kva kostar eit utvekslingsår i utlandet?
Prisen for opphaldet er avhengig av kva land du reiser til, og kva organisasjon du reiser med. Statens lånekasse for utdanning gir utdanningsstønad under føresetnad av at du får godkjent studiet som Vg2. Det er den skulen du har gjennomført Vg1 ved, som skriv slik godkjenning. Stipendet er på ca. 40000 kroner, avhengig av kva land du reiser til og kor i Noreg du kjem frå. Søknad om stønad kan først sendast når du har fått vertsfamilie og skuleplass, dvs i løpet av våren/sommaren før du skal reisa.
Organisasjonar som tilbyr elevutveksling:
www.ef.com
www.afs.no
www.sts-education.no
www.speak.no
www.aspect.no
www.yfu.no
Andre aktuelle nettadresser:
www.utdanning.no
www.you.ls.no
www.studieguiden.no
www.ansa.no
www.kaleidoskopet.no
www.lanekassen.no