|
Rådgjevartenesta
|
Skulen har tre rådgjevarar:
Rådgjevarane har hovudarbeidsplass på avdeling for allmenne fag (Gunn Helene Grinde), på avdeling for yrkesfag (Oscar Syversen) og på Campus (Bjarne Skorve). Rådgjevarane er også tilgjengelege på mobiltelefon.
Rådgjevarane sine hovudarbeidsfelt:
- Karriereplanlegging: Informasjon og rettleiing om yrke og utdanning (YoU)
- Vidaregåande opplæring (VIGO)
Skulen har utarbeidd eit YoU-årshjul for kvart årskull, som skal gi informasjon om planlagde YoU-aktivitetar gjennom eit heilt studieår. Mellom anna får elevane informasjon og rettleiing i høve val av studieretning, linje og fag. Elevar som skal halde fram i vidaregåande skule, får rettleiing og hjelp til å søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.
- Hospitering for 9. og 10. klasse
Skulen tek imot elevar til hospitering som ein del av grunnskulen sitt fag "programfag til val". Elevane får prøve ut to ulike programområde, eit om våren i 9. kl. og eit om hausten i 10. kl. Hospiteringa går over to dagar.
- Høgare utdanning
Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje høgare utdanning, får informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval. Skulen samarbeider med Studiestart om studieorienteringsdag på skulen, der eksterne aktørar m.a.høgskular, universitet og Forsvaret deltek. Skulen har eit eige Info-torg der elevar kan finne informasjonsmateriale om yrke og utdanning, både offentleg og privat. All høgare offentleg utdanning har felles opptak gjennom Samordna opptak. For meir informasjon om høgare utdanning i inn -og utland, sjå Studieguiden.
- Rådgjeving på nett
Skulen har tilbod om rådgjeving på nett. Elevane kan rette spørsmål til Gunn Helene Grinde på e-post.
Skulen har utarbeidd lenkesamling til elevane.
- Tilrettelegging for elevar med særskilde behov
- Rådgjevarane har i samarbeid med kontaktlærarane ansvar for å følgje opp elevar som har behov for særskild tilrettelegging.
- Rettleiing for elevar med sosiale eller personlege problem
- Rådgjevarane har kontakt med enkeltelevar samarbeider med Spes.ped-koordinator ved skulen, PPT, sosialkontor og skulehelsetenesta. Rådgjevarane har tausheitsplikt!
|
|
|