Oppfølgingstenesta er for deg som:
- Ikkje har søkt skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring
- Ikkje tek imot skule-eller læreplass
- Ikkje er i varig arbeid
- Sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakt
Kva kan Oppfølgingstenesta gjera for DEG?
I samarbeid med vidaregåande skular og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) kan OT gi råd om opplæring/arbeid. OT har kontorplass i 2. etasje i Linesbygget på Fosshaugane Campus.
OT kan mellom anna hjelpa deg med:
- Praksisplass
- Ordinær skuleplass
- Deltidsplass
- Plass på ulike kurs
- Kombinasjon skule/arbeid
HUGS du må, til vanleg, ta ut retten din til vidaregåande opplæring i løpet av 5 år etter grunnskulen. I visse høve kan ein søkje om unntak frå denne regelen.
Brit Jorun Ølnes er OT-koordinator for kommunane Sogndal, Luster, Aurland, Leikanger og Vik. Du kjem i kontakt med OT-koordinatoren på telefon 57 67 64 71 eller 415 30 852, e-post: brit.jorun.olnes@sfj.no. Tor Talle er miljøarbeidar i OT. Han har tlf.nr. 95 72 18 84 og e-post: tor.talle@sfj.no.
In english