Om oss

 
Skulen har to miljøkoordinatorar:

 
Miljøkoordinatorane Ralph og Marte

Ralph Krüger og Marte Kviberg
Kontortlf. 57 67 64 35
Mobiltlf. 41 53 06 00
ralph.kruger@sfj.no
marte.kviberg@sfj.no

 

Miljøkoordinatorane har hovudarbeidsplass på gymnaset, og er ute på dei ulike avdelingane der dei er å treffa til bestemte tider.

Miljøkoordinatorane har ansvaret for:

  • VIP 
    Miljøkoordinatorane på skulen jobbar for eit godt miljø. VIP står for veiledning og informasjon i psykisk helse i skolen, som er eit program som helsedirektoratet har lagt tilrette for VGS i Noreg. Miljøkoordinator jobbar saman med helsesøster rundt dette temaet for alle 1. klassar.<br>
  • Klassens time
    I lag med helsesøster, bibliotekar, eller åleine kjem vi på besøk i klassens time på alle klassetrinn. Tema kan vera tobakk, russ, mobbing, personvern, eller andre tema som elevane sjølve ynskjer vert tekne opp i klassen.
  • Hybelbuar
    Vi har inneverande år ca 270 elevar som bur på hybel, av dei går ca 60 på Vg1. Elevar som ynskjer besøk av oss, tek kontakt og avtalar hybelbesøk. Alle Vg1 elevane vert tilbode ein samtale i løpet av skuleåret.
  • Open skule / leksehjelp
    Rett etter skuletid ein gong i veka tilbyr miljøkoordinator open skule med leksehjelp. Det kan bli arrangert spesielle kurs i enkelte fag dersom det er behov. I samanheng med leksehjelp er det gratis mat og ope bibliotek med tilgong på pc.
  • Andre aktivitetar
    Vi er aktivt med ved arrangement som vårball, skulestart, skuleavslutningar, hjelper russen, samarbeider med elevråd, skidag m.m.   
  • Ta turen innom
    Har du lyst å slå av ein prat, ta ein te eller kaffikopp?
    Er det noko du lurer på som du trur vi kan hjelpe med?
    Ta turen innom kontoret.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved