Skulehelsetenesta
 

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Ved oppstarten av nytt skuleår går helsesøster rundt i 1.klassane (Vg1) og informerer om korleis du kan bruke denne tenesta. Helsesøster har kontor på Handelsskulen. 


Helsesøster har slik kontortid:

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
Kl 9-14: Open dør Timeavtalar Kl 9-14:
Timeavtalar
Kl 9-14: Open dør Føremiddag: Avd. møte med Helsestasjon
  Kl 14-17
Helsestasjon for ungdom
    Kl 12.30-15.30: Timeavtalar

Samstundes kan helsesøster motta sms alle dagar på mobil 41 56 12 55.


Målsettinga med skulehelsetenesta er:

  • å fremja god helse og trivnad
  • å gi elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet
  • å førebygge problem og helseskade

Det er ingen rutineundersøkingar i den vidaregåande skulen. Det blir lagt vekt på at du er ansvarleg for eiga helse.

 

Her har du nokre eksempel på kva vi veit fleire ungdomar strevar med:

  • det å tilpassa seg ein ny skule og nye venner kan væra vanskeleg
  • vi veit at enkelte er plaga med hovudverk, magesmerter og konsentrasjonsproblem
  • nokon har vanskelege heimeforhold
  • nokon strevar med angst og depresjon
  • nokon strevar med rusproblem (tobakk, alkohol, narkotika)
  • nokon har vore utsett for vold, heime eller ute
  • nokon har problem i forhold til mat, kropp og vekt
  • nokon har blitt seksuelt misbrukt
  • nokon har eller vil oppleve sorg eller krise
  • nokon strevar med å finna eigen seksuell identitet (homofil/heterofil)
  • nokon strevar med å finne identitet og rotfeste, fordi det er vanskeleg å veksa opp med to kulturar

 

DETTE ER VONDT Å GÅ MED ALEINE -PASSAR NOKO AV DETTE PÅ DEG, TA KONTAKT!!


Skulehelsetenesta kan gi deg råd og rettleiing om:

  • generelle helsespørsmål
  • kosthald
  • samliv og seksualitet
  • prevensjon
  • kjønnssjukdomar
  • abortspørsmål
  • rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
  • vonde kjensler og tankar
  • psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading og andre helseplager

 

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Du treng ikkje bestille time. Stikk innom i trefftida. Du kan og få ein timeavtale viss du ønskjer det.

Helsesøster kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt med lege og fysioterapeut. Vi kan og tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

Ta gjerne kontakt på sms eller ring: 41 56 12 55

Helsing helsesøster

Linda Habbestad Skorve

Helsestasjon for ungdom (HFU)
Opningstid: tysdagar kl 14-17 på helsestasjonen.
Ikkje behov for timebestilling.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved