PP-tenesta
 

PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) er eit tilbod til deg som elev i vidaregåande skule. Tenesta gjev råd og rettleiing til elevar, foreldre og skule når det gjeld fagvanskar, konsentrasjonsvanskar og/eller ved tilrettelegging av opplæring.

Tenesta kan vere ein samarbeidspart for å førebyggje og rette opp mistrivsel på skulen og konfliktar i opplæringssituasjonen. Tenesta kan òg yte hjelp overfor elevar med personlege problem eller sosiale vanskar.

Tilsette i PP-tenesta har teieplikt og yter hjelp under føresetnad av at de/du ynskjer og samtykker til det.

Kontaktpersonar frå PP-tenesta er Gunn Fondenes og Marit Irene Uglum.

De kjem i kontakt med oss på telefon 57 65 70 80, eller ved å kontakte rådgjevar på skulen. Gunn Fondenes har mob.nr. 415 30 710.

Skjema for søknad om særskilt tilrettelegging ved prøvar og eksamen finn du her.

Meir informasjon frå PPT- Sogndalsregionen finn du her. 

 



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved