Sogndal idrettshall
 

Sogndal Idrettshall er ein fleirbrukshall eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan Sogndal vidaregåande skule har ansvaret for den daglege drifta. Hallen har full handballbane med parkettgolv som kan delast i 4 små salar. Symjehallen har konkurransemål, 12x25, og er oppvarma til revmatikarbading ein gong i veka. Hallen er nyleg pussa opp og held god standard med omsyn til naudutgangar, lys og varme.

På dagtid er det Sogndal vgs som er hovudbrukar av hallen, i tillegg vert symjehallen brukt av alle grunnskulane i kommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kveld og helg er det SIL handball , SIL symjegruppa, SIL volleyball, Studentspretten, Syril IL, Norane IL, elevar ved Sogndal vgs, ulike mosjonsgrupper, Sogndal og Leikanger revmatikarforeining, SIL babysymjing, Sogndal kommune, offentleg bading og bedriftstilbod til Sogndal vgs og Høgskulen i Sogn og Fjordane som er hovudbrukarar av hallen.

I tillegg vert hallen leigd ut til ulike arrangement.

Hallen er open på kveldstid frå 15.30-21.30 frå september til medio mai. Hallen er stengd i skulen sin jule- og påskeferie.

Offentleg bading - badetider:

onsdag

18.00-21.00

Fellesbadstove kl 18.00-19.30. Badstove damer kl 19.30-21.00

torsdag

18.00- 21.00  

Fellesbadstove kl 18.00-19.30. Badstove herrar kl 19.30-21.00

fredag

17.00- 21.30

Fellesbadstove

 

Vel møtt!

 For nærare informasjon, ta kontakt med:

Hallstyrar på dagtid 08.00-16.00: Greta Elverum Salveson.

Tlf. 57 67 64 03 / 97 77 28 14

E-post: greta.elverum.salveson@sfj.no

 

- Vakt i hallen på kveldstid 16.00-21.30: tlf. 57 67 64 95 / 91 87 34 54, e-post: sogndal.idrettshall@sfj.no



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved