Beate Cecilie på Grand Prix.

Språk opnar dører seier Beate Cecilie Moen. Denne veka arbeider fransk - og engelsklæraren på Sogndal vgs for NRK med oppgåve å hjelpa dei 2000 journalistane som dekkjer Grand Prix. Ein morosam og spennande jobb fortel ho.

 

Beate Cecilie fortel om bakgrunnen for Grand Prix-jobben:

 

Litt utpå nyåret ringte eg NRK og lurte på om dei trengte hjelp under Eurovision. Dei var i slutten av intervjurunde og ba meg sende ein CV.
Blei så invitert på intervju og orientering om prosjektet. Har vore på to Osloturar til for orientering og opplæring (i helgar/på fridagar).

 

Pressesenteret


 
Ho fortel at ho jobbar på pressesenteret - fantastisk tilbygg til Telenor Arena , står i servicedesken for alle mulige slags spørsmål frå dei over 2000 norske og utanlandske journalistane. Mange hyggelege kollegaer og eit supert arbeidsmiljø. Er også innom pressekonferanserommet der det i går var fullt og stor stemning etter Semifinale 1.

 

 

Bilett til finalen ?

 

Beate Cecilie har fått billettar av NRK til å sjå Semifinale 2 i morgon som alle jobbar på spreng for å førebu akkurat no. I tillegg skal eg ha jobb i arb. rommet til journalistane (500 arb. plassar) på finaledagen + heile senteret generelt. + Har billett til finalen på kvelden.  

 

Språk som døropnar.

 


Har nok fått jobben pga språkkunnskapar og tidlegare arbeid som resepsjonist og guide. Språk opnar dører! :-)
 
Mykje sosialt også utanom, Euroclub for akkrediterte og Eurovillage (konsertar/kultur) om ein får tid...



Euroision
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved