Den beste utsikten rundt skuleavslutninga !

Dei hadde kanskje den mest perfekte ramma for avslutningsfesten sin. Oppfylgjingstenesta sette punktum for skuleåret høgt oppe på Åberge - i fantastisk sumarvær.

OT-avsl10

Avslutning i friluft på Åberge. Til vanleg har avslutninga vore på skulen, men i godværet vart det svært vellukka å vera ute. 27 ungdommar har vore med på ulike opplegg organisert av oppfylgjingstenesta i skuleåret 2009/10.

Lafting

Lafteverksemda til Sverre Davidsen på Åberge har vore ei av oppfylgjingstenesta sine utplasseringsverksemder. Difor vart avsutninga lagt hit - med førsteklasses utsikt over Barsnes/Sogndalsfjorden.

 

OT-avsl10

Kreativitet.

Fin utescene for elevane og miljøarbeidar Tor Talle t.h.

Brit Jorun Ølnes fortel meir om bakgrunnen for arbeidet til oppfylgjingstenesta:

Alle ungdomar mellom 16- 21 år har rett til eit tilbod (tiltak) frå Oppfølgingstenesta, dersom dei ikkje tek ut opplæringsretten sin, dvs. går på skule, er lærling.

Oppfølgingstenesta har tett samarbeid med NAV.

Oppfølgingsteneste må frå tid til annan kjøpe tilbod hos ulike bedrifter.

Sogndalsregionen har ansvar for ungdomar frå kommunane Vik, Leikanger, Sogndal, Luster og Aurland.




Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved