Sogndals-lærling NM-vinnar

Bernt Erlend Fridell - nyleg utgått elev frå elektrolinja ved Sogndal vgs - kan titulera seg som NM-vinnar i el-fag. 19-åringen går no læretida i si i YIT i Øvre Årdal og vann NM i elektro i skarp konkurranse med lærlingar frå heile landet.

NM-vinnar/fridell Bernt Erlend til venstre med vinnarpokalen.

Landets beste elektrikar

Ei kjempeoppleving, seier 19-åringen frå Vik til Sogn Avis. Sjølvsagt også ei fjør i hatten for læreverksemda hans YIT og elektromiljøet ved Sogndal vgs.

  20000 besøkjande.

Noregsmeisterskapen vart arrangert i samband med elektromessa Eliaden med 20.000 besøkjande. I tillegg til kåringa av landets dyktigaste elektrikar, vart det konkurrert i telekommunikasjonsfaget.

I begge faga fortel hovuddomarane at det var svært tett løp, dessutan vart det lagt merke til at deltakarane var langt meir førebudde denne gongen enn tilfellet vart berre for få år sidan.

Stor oppleving

– For meg har det vore heilt fantastiske dagar og eg har fått super oppfølging av arrangøren NELFO. Konkurransen har vore ufatteleg lærerik, at eg gjekk heilt til topps, forsterkar sjølvsagt opplevinga, seier Bernt Erlend Fridell frå Vik til Sogn Avis.

– Kva betyr tittelen?

– For arbeidsgivaren min, YIT, er det god reklame og for meg er det ei solid erfaring å ta med seg i arbeidslivet, seier den ferske noregsmeisteren som konkurrerte i fire dagar.

 
   
 
 
 


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved