
Ståande applaus frå salen etter premieren.
God ide - svineinfluensa.
Ideen med å bruka eit utslått lokalsamfunn som raud tråd - med russen som dei einaste friske var knakande god. Kven hugsar ikkje russen som kom krypande heim sjuke med svineinfluensa frå russeturen i haust !
Og poenga i ein godt redigert revy kom tett på kvarandre. Også ispedd musikk frå eit profft orkester med solonummer .Filmsnuttar og eit feiande godt danseinnslag.

Ein glad gjeng i pausen mellom dei 2 forestillingane.
Kulturhuset.
For første gong var russerevyen i kulturhuset. Godt med folk i salen , betre teknisk gjennomføring - ei nivåheving for russerevyen som tidlegare var i Solhov og på folkehøgskulen.

Revysjefane Bjørnar og Lisa fekk blomster og klem av rektor etter forestillinga.

Russen brukte også revyen til å minnast Knut Erik Sagerøy. Han skulle vore russ i år, men omkom i ei trafikkulukke på slutten av 2. året i vidaregåande. Ei sterk stund då bandet med Ola Skram i spissen song "Heaven" - med heile revystaben som kor på scena, med eit tent lys mellom seg. Livet må gå vidare for alle, men også russetida har rom for ettertanke !
SJÅ FLEIRE BILETE:
www.sognavis.no