
Frå venstre : Karlis Bremers 2STC-leiar , Liv Andrea Holm Heide 1STC, Ane Malen Vikheim 1 TPA, Hilde Kinserdal 2IDA-nestleiar og Robert Helle 1ELB.
Styret vert supplert med ytterlegare 2 medlemmer når det nye skuleåret er godt i gang - i september. Då vert også dei øvrige styreverva fordelte.
Dei siste åra har det vore ei nivåheving på elevrådsarbeidet. Det er ikkje utan grunn at Sogndal vgs no "sit med" leiaren for elevorganisasjonen på landsplan Anna Holm Heide. Både det generelle arbeidet og innsatsen rundt Internasjonal Dag/Eshowe-prosjektet har vore ein stimulans for elevrådsarbeidet.

Karlis og Hilde - dei nye leiarane. Kalis vert neste år 3. klassing og har gått gradene heilt sidan 1. klasse.