Utstilling - Comenius

Stikk innom biblioteket og sjå utstillinga om Comenius-prosjektet.Der er SVS sentral aktør. Miljø er blant stikkorda for utstillinga - der skulane i samarbeidslanda Spania, Irland, Frankrike, Danmark og Norge / Sogndal lærer av kvarandre og knyter kontaktar.

 

comenius-utst

Comenius er spennande møte med europeisk politikk, samfunn og kultur.

comeniusutst

Mykje å bla i på biblioteket

 

 

Comenius utst. Du finn utstillinga sentralt i biblioteket.

 

Prosjektleiar ved Sogndal vidaregåande Heidi Fondenes fortel om litt av prosjekta dei har samarbeidd om dette skuleåret :

 

I år er temaet miljø og miljøvern. Me har utveksla nyhendebrev om kor miljøvenleg skulane og elevane i dei ulike landa er, skreve om lokale miljøsaker som mindre fisk i fjorden og smeltinga av breane, boshandtering (SIMAS), energikjelder i dei ulike landa samt nyhende frå skulekvardagen i Noreg, Frankrike, Irland, Danmark og Spania.

Det neste er å vitja ei bedrift eller institusjon og finna ut kva dei gjere for å vera miljøvenlege. Kanskje vil me samanlikna gamleskulen med det nybygget som kjem på grusbana og/eller reisa til SIMAS eller på Skjer og intervjua dei. Dette er ikkje heilt avklart enno.


Comenius-utst
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved