I helga vart det sett i gang eit ”stort” arbeid på Sogndal vgs for å finne alternative reisemåtar. På Søndag var to tilsette ved Sogndal vgs på veg til Brussel i minibuss for å hente elevane. I siste augneblink vart dei stoppa i Oslo.
Ei ny og betre løysing vart funnen. Elevane saman med lærarane måtte reise med tog, båt og taxi gjennom Europa. Dei er venta heim til Sogndal tysdag kl 16.15 på skysstasjonen.
(Tekst: Ole Karsten Birkeland)