Russeknute med fornuft :)

Russen legg ned stor energi og kreativitet for å skaffa seg russeknutar. Blant dei mest fornuftige ,men mindre kjende knutane er å testa seg sjølv for clamydia ! Skulehelsetenesta har alt køyrt ein testrunde i slutten av april. Det resulterte i 50 knutar fortel skulehelsesøster Linda Habbestad Skorve. Eit klart fleirtal av dei som testa seg var jenter. Ny test mot clamydia vert 11. mai. Då utfordrar skulehelsesøster også fleire gutar til å stilla opp. Testane vert betalt av staten. Dei er fornuftige fordi det er viktig å ha fokus på kjønnsjukdommar blant ungdom seier Linda.
Clamydia aukar etter vidaregåande.

Ungdom på vidaregåande er ikkje utsett for kjønssjukdomar i særleg stpr grad. Men sjukdomen som mellom anna kan føra til sterilitet / barnløyse aukar på i studentmiljøa rundt om i landet.

Fokus på clamydia/førebyggjing blant elevane på vidaregåande er difor viktig seier skulehelsesøster.

Helsesøster elevåd Skulehelsesøster jobbar aktivt for elevhelsa/velferd saman med skulelegen og miljøkoordinatorar.

Dei 50 som vart testa ?

Resultata ligg no føre. Dei viser at førekomsten av clamydia ikkje er urovekkjande stor seier skulehelsesøster. Så vert det spennande¨å sjå om testen 11. mai får eit anna utfall.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved