|
Filming for Vestlandsforsking.
Før helga var to 2. klassingar på medielinja på spennande filmarbeid i Bergen. På oppdrag av Vestlandsforsking lagar dei info-film om reco-drive. Forskarane på Vestlandsforsking skal leggja filmen ut på recodrive.eu for å motivera transportselskap til mindre drivtstoff-forbruk.
Vestlandsforsking arbeider på oppdrag av EU-kommisjonen.

Dei 2 filmarbeidarane i 2 MK Sondre Dalaker og Kristoffer Nedrehegg var høgt og lågt i Bergen før helga. Mellom anna på Fløyen. Med dei siste vekens ekstreme miljøproblem i byen mellom dei 7 fjella var dette ein perfekt "location".
Vestlandsforsking har dei siste åra vore med i det EU-finansierte miljøprosjektet der målet er å redusera bruken av drivstoff / skapa eit betre miljø seier prosjektleiar Otto Andersen.
.
Busselskapet Tide er blant dei medverkande i filmen om RECO-drive-drive-prosjektet.
Spente.

Sondre og Kristoffer 2 er naturlegvis spente på korleis oppdragsgjevar tek i mot filmen. Filmlærar Johnny Flaten seier han er imponert over arbeidsinnsatsen til dei 2. No har dei ei knapp veke på seg til å ferdigstilla filmen- før den den vert lagt ut på nettet framfor ein stor RECO-drive-konferanse i Slovenia i februar.
|