|
Frå og til San Sebastian.
9 elevar frå Baskerregionen i Spania kjem på besøk til skulen i starten av mars. Saman med ein lærar. Opphaldet er i regi av EU/Comeniusprosjektet skulen er med på. Deretter står like spennande attbesøk for tur for SVS-elevar i San Sebastian.
Bur hjå vertsfamiliar.
Det er rett etter vinterferien skulen får vitjing av dei 9 baskiske elevane - saman med ein lærar frå San Sebastian seier prosjektleiar Heidi Fondenes. Dei skal ta del i skule- og fritidsaktivitetar saman med våre vg2 internasjonal engelskelevar. Det kan også bli eit samarbeid med Brit og Lars Olav sine friluftslivgrupper. Dei spanske elevane skal bu hjå vertsfamiliar.
San Sebastian - idyll inst i Biscayabukta - viktigaste byen i Baskerregionen.
Våre elevar kan gleda eg.
Veka etterpå reiser 9 norske elevar til den flotte regionen i Nord-Spania på studiebesøk.
På film
Sluttproduktet skal vera ein rapport på papir og CD med inntrykk frå dei to åra Comeniusprosjektet "The Local European United in Diversity" har vart.
|

Klassisk baskerlua - vert den å sjå her tidleg i mars ? Baskarane er stolte av eigen kultur-og mange er i sterk opposisjon til regjeringa i Madrid.
|
|