2 MK i korresp-møte !

Mandag fekk 2 MK på klassetur eit spennande møte med korrespondenten til Aftenposten i London. Eirin Hurum ga medielevane mange gode innblikk i den unike jobben ho har som journalist for Oslo-avisa. Særleg aktuellt sidan ho kom direkte frå eit korrespondentmøte om valet i Stb.

 

2MKHurumavis

Arbeidet med ein feature-reportasje.

Eirin Hurum fortel om arbeidet med ei større feature-sak om kostskulen Eton. No er det valdekning for alle penga.

Variasjon.

Korrespondentarbeidet er svært variert. Ho ga 2 MK eit lærerikt innblikk i ein
mangesidig jobb sin som journalist i London , Irland og Storbritannia ellers.

Alt frå harde konflikter i Nord-Irland til daglegliv rundt om i landet. Elevane hadde mange spørsmål om den spesielle journalistjobben.

2MKHurumtot

Bygg dykk opp !

Sjølv starta Eirin Hurum som lokalavis-medarbeidar på Hønefoss alt før gymnastida. Mellom anna med sport. Arbeid for lokalavisa er ein god veg å starta for å byggja seg ei karriere sa Hurum - som deretter har vore både i VG,Dagbladet og Aftenposten.

2MKHydeP10 

Søndag i fint vårvær Hyde Park - speakers corner og BBC.

Ingen London-tur utan skikkeleg picnic i Parken og eit besøk i BBC. MK-elevane har eit variert program gjennom veka i London.

Mie.

M.a. også film-workshop, fotoreportasjar og møte med ex-Sogndalselev Mie Henden som er i ferd med å avslutta 3-års utdanning i mediedesign på eit London-universitet.

 



2MKAftenp-korresp10
Heile gruppa frå Sogndal med Eirin i midten - bak lærar Johnny Flaten. Foto:Inge Kjell Holme
2MKHurumnær
Eirin Hurum har tidlegare jobba som politisk journalist i Aftenposten - valet er sak nr 1 for både Eirin Hurum dei andre korrespondentane i London.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved