Amaia bur heime hjå Eirik.
Midt i mars vert det gjenbesøk for eindel av Sogndalselevane i San Sebastian. 2. klassingen Eirik Øien og Amaia Zumalde er 2 av elevane som er med på Comenius-prosjektet. Begge seier dei har gleda seg til opplegget. For Amaia er Sogn eksotisk - det same vert nok San Sebastian-området for sogningane som dreg dit før påske.
Målet er både å utvikla faglege opplegg over landegrensene og knyta kontaktar i Europa. Dei 5 landa som er med på Comenius er Danmark, Irland, Norge, Spania og Frankrike.

Læraransvarlege er Heidi Fondenes og Itziar Aizpurma er godt nøgde med Comenius-prosjektet. Denne vinteren har mellom anna elevane hatt miljøutfordringar i dei ulike landa som tema - og kommunisert til kvarandre om dette.
Frå museum / stavkyrkjebesøk - til skulegang på studiespesialiserande - og fredag vert det aketur i Hodlekve. Dei Spanske gjestene får prøvd mykje den tida dei er i Sogndal.
Men mest spesiellt for alle vert nok opphaldet i vertsfamiliane - der både Gaupne, Kaupanger ,Leikanger og Sogndal er heimstader.