Fornøgde elevar - bygde for Molden

Dei har nettopp overlevert nytt sanitærbygg til Luster kommune - med god respons. Ikkje rart dei var fornøgde elevane i VG2 byggteknikk. Ein lettelse å vera ferdig - og sommaren er rett rundt hjørna !! Kanskje vankar det ein fottur til...?

Bygg10elevar VG2-elevane på byggteknikk m. lærar Per Ivar Lomheim til høgre.

 

Bygde sanitærbygg for eit populært utfartsområde !

 

Per Ivar fortel at dei bygde 5 småhytter med ulik utforming. Eit av oppdraga denne våren har vore å bygge eit sanitærbygg for Luster kommune. Bygget har eit toalett/våtrom, ei bod og skal fungere som oppslagsvegg.

 

På Mollandsmarki.

 

Det er no plassert på Mollandsmarki/ Krossen og kan brukast av besøkande til Molden. Bygget er kledd med villmarkspanel for å gli fint inn i området. Byggteknikk håpar på å få liknande oppdrag framover!

Bygg10 Siste finish !



Bygg10
ByggMolden
Ekstra fokus på Molden denne sumaren - m Molden op. Naturområdet står endå betre rusta til å ta i mot besøkjande.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved