Direktør på laftekurs

Eg var der absolutt som privatperson og hadde stor nytte av kurset. Det seier fylkesdirektøren for opplæring Bekka Skaasheim som nyleg avslutta kurs i lafting på Sogndal vgs - saman med 9 andre deltakarar. Felles for dei alle var å læra om gamle byggeteknikkar - og kanske ta dei i bruk sjølve.

 

 

For 3. gong.

 

Det er tredje gong skulen arrangerer laftekurs. I regi av byggfag - og interessa for å læra gamle byggeteknikkar er godt tilstades i distriktet.

Laftekurs Heile laftegjengen på 9 - med Bekka i midten.

Godt kurs 

Eit flott kurs seier Bekka. Sjølv skal ho no til sumaren setja saman eit anneks på fjellet - som er lafta nede i låglandet. Dermed har ho direkte nytte av kunnskapen frå kurset.
Eg vil nok aldri setje i gang med lafting aleine, men kanskje saman med andre!
Då håpar eg å kunne vere ein god "handtlangar" seier ho.

Restaurering

Felles for mange av deltakarane er at dei er opptekne av å ta vare på gamle bygningar og byggeteknikk. Eg har over fleire år hatt interesse av å få delta på laftekurs. Eg er generelt oppteken av korleis praktiske oppgåver kan utførast, m.a restaureringsprosjekt der gamle teknikkar bør takast i bruk. Det er også tilfredstillande for ein byråkrat å få gjere praktisk arbeid der resultatet er lett å måle! Eg har privat mange restaureringsprosjekt der eg kan dra nytte av det eg lærde på kurset seier Bekka.

Sosialt.

I tillegg til å lære lafting fekk ho stor respekt for kva arbeid som ligg i eit handlafta bygg!
Kurset var godt tilrettelagt med ein flink instruktør, dessutan er det sosialt å arbeide med andre - det var ein flott gjeng seier fylkesdirektøren.




Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved