Elevar frå 3sfa på Vevringutstillinga hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

Elevar frå 3sfa på Vevringutstillinga hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

Deltaking på Vevringutstillinga 2016

Formgjevingselevane i 3SFA var spesielt inviterte til Vevringutstillinga i år, ikkje berre for å sjå på kunstverka, men også for å delta i årets performance: «Butterfly Spirit».

Tekst: Grete Huus

Foto: Wenche Steinsvik

I faget Visuell kultur og samfunn skal dei kunne «vurdere utstillingar og nettbaserte kunstpresentasjonar», og sjå ulike kunstuttrykk i eit samfunnsmessig perspektiv.

Vevringutstillinga høver godt til nettopp dette. Utstillinga, ei årleg mønstring av samtidskunst i Vevring, har pågått kvart år sidan 1979, og hovudideen bak er at dei kunstnarane som blir inviterte til å stille ut, også kjem til Vevring og bur der i utstillingsperioden. Dei er til stades i lokala og er tilgjengelege for publikum. Her kan ein både sjå kunst inne i dei forskjellige lokalitetane, og også dei faste installasjonane ute i naturen. Sosialt kafèbesøk høyrer også til.

Utsikt Vevring, foto - Wenche Steinsvik.jpg

Over: Utsiktsbilete frå Vevringutstillinga hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

«Butterfly spirit» er skapt av musikar Sissel Gjerland Ekra, glaskunstnar Aino Jensen og teksforfattar Finn Ingervik. Desse tre har kvar for seg jobba med ei tilnærming til kunst som døråpnar til kjenslene våre i fleire år, men har det siste året samarbeidd om dette prosjektet som har unge menneske som målgruppe. I ustillingskatalogen heiter det:

« `Butterfly spirit` er ein kunsperformance som ynskjer å spegle ungdommen sine kjensler rundt stress, angsten for ikkje å vere bra nok, frykt for framtida og undring det å vere seg sjølv. Men – kunstnarane ynskjer også å peike på potensialet vi alle har til å gjer eigne val og påverke retninga livet tar.»

Performancen varde i 35 min, fleire av elevane våre kom med positive kommentar etter ein kort briefing etter seansen. Det var ei «annleis» oppleving, eit rom for undring og refleksjon med høve til å respondere inn i prosjektet til slutt.

Hybrid Foto - Wenche Steinsvik.jpg

Over: "Hybrid". Vevringutstillinga hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

Ikkje berre alle kunstobjekta, men også konseptet Vevringutstillinga blir ofte omtala som eit eige kunstverk, ein type relasjonell kunst – ein stadig pågåande happening – der dei ulike verka, kunstnarane og publikum i tre dagar kvart år blir til ei involverande kunstoppleving som er med og skapar innhaldet. Utstillingsprosjektet kan difor også, i den spesielle råma som Vevringutstillinga tilbyr kvart år - der og då - vurderast som eit kunstverk i seg sjølv.

Kunst frå Vevringutstillinga hausten 2016  Foto - Wenche Steinsvik.jpg

Kunst i ulike teknikkar og uttrykk - Vevringutstillinga hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

Elevar på utstilling i Vevring hausten 2016 Foto - Wenche Steinsvik.jpg

Elevar frå klasse 3sfa på Vevringutstillinga, hausten 2016. Foto: Wenche Steinsvik

Tips ein ven Skriv ut