Sogndal vidaregåande skule/Eid vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Draumeskulen
Godt læringsmiljø hindrar fråfall

Godt læringsmiljø hindrar fråfall

Draumeskulen

Draumeskulen er eit program utarbeidd av "Voksne for barn" som har som mål å betre trivselen, bli betre kjent i klassen og på skulen, og ha ein betre skulegang. Hovudmålet er at fleire elevar skal gjennomføre vidaregåande skule. 

Prosjektet startar skuleåret 2016-17 og varer i tre år. Tiltaka skal gjennomførast i tett samarbeid med forskarar frå Hemil-senteret (UiB), Nordlandsforskning, Oxford Research og organisasjonen Vaksne for barn. Saman med Sogn og Fjordane er Troms, Nordland og Hordaland med på satsinga.

 

På Eid vgs har vi sett i gong med Elevmentorar. Det er elevar på vg2 og vg3 som bruker av si skuletid til å skape eit godt sosialt miljø i klassene. Det er 3 og 4 elevmentorar i kvar klasse. Dei organiserar blir-kjent-leikar, har lunsjavtalar med elevar, finn på sosiale aktivitetar i friminutta og tek kontakt med viss nokon er aleine. Dei er med mentorklassa si første skuledag, aktivitetsdag og gjennomfører opplegga Draumeklassen1 og Draumeklassen2.

Kontaktlærarane får og ei ekstra oppfølgingsrolle som dei blir kursa i. I tillegg har skulen eit ressursteam for Draumeskulen som betår av miljøkoordinator, rådgjevarar, kontaktlærarar, elevar og utviklingsleiar.

 

Prosjektet rommar fleire tiltak som andre skular i prosjektet skal vere med på:

  • Program for betre gjennomføring  Vil bruke forsking for å prøve ut tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
  • Drømmeskolen  er eit helsefremjande og skuleomfattande program for ungdoms- og vidaregåande skule 
  • Nærværsteam er eit tiltak for å hindre frafall blant unge som står i fare for å falle ut av vidaregåande skule.
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utviklingsleiar Torild Natvik 
Torild Natvik@sfj.no

Relaterte lenker