Sogndal vidaregåande skule/Hafstad vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Drømmeskolen
Ingressbilete Draumeskulen Hafstad 1 B

Draumesatsing for vgs-elevar

COMPLETE: Gode psykososiale læringsmiljø betrar gjennomføring i den vidaregåande skulen


På heimesida til fylkeskommunen står følgjande informasjon om prosjektet:

Sogn og Fjordane er plukka ut av kunnskapsdepartementet til å prøve ut tiltak som betrar læringsmiljøet og hindrar fråfall i vidaregåande opplæring. Forskarar vil måle effekten undervegs.

Prosjektet startar skuleåret 2016-17 og varer i tre år. Tiltaka skal gjennomførast i tett samarbeid med forskarar frå Hemil-senteret (UiB), Nordlandsforskning, Oxford Research og organisasjonen Vaksne for barn. Saman med Sogn og Fjordane er Troms, Nordland og Hordaland med på satsinga.

Prosjektet rommar fleire tiltak.

Drømmeskolen er eit helsefremjande program, med overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring i sentrum. Programmet er utvikla av Voksne for barn og er ein del av Helsedirektoratet si satsing på «psykisk helse i skolen».

Nærværsteam er retta mot oppfølging av ungdom som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring, og ikkje kvalifiserer seg for arbeidslivet. Målet er å skape gode overgangar til neste trinn i opplæringa, få ned elevfråvær og å auke motivasjonen for å fullføre og prestere fagleg. Nærværsteamet vil vere fleirfagleg samansett.

Mo og Øyrane, Hafstad, Firda og Eid vidaregåande skular tek del i forskinga. Skulane vil i løpet av prosjektperioden bli tett følgd opp av forskarane.

Meir om tiltaka:

  • Program for betre gjennomføring vil bruke forsking for å prøve ut tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.
  • Drømmeskolen er eit helsefremjande og skuleomfattande program for ungdoms- og vidaregåande skule som skal fremje elevane si psykiske helse og medverke til å skape eit godt læringsmiljø
  • Nærværsteam er eit tiltak for å hindre fråfall blant unge som står i fare for å falle ut av vidaregåande skule.

Informasjonen er henta frå heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Publisert den 22. februar 2016 av Matias Helgheim | Oppdatert 23. februar 2016

Drømmeskolen - Elevmentorar ved Hafstad vgs 2016-17

2MK
Hilde Gunn Bråstad, Trygve Sæten Nilsen, Martha Linnea Pukkalus

2SFA
Mathea Astrid Salonen, Helene Nedrebø Einan

2STA
Maria Lie Johnsen, Steffen-Andre Frøyen Sandvik, Ingvil Asheim Dyrdal, Daniel Sumpton Ramsli, Daniel Midtbø, Andrea Jamaris Huus

2STC
Synnøve Vasstein Carlsen, Arnfinn Strømsli Hallanger, Håvard Moen Taule, Marius Naustdal Storevik, Krister Smaadal, Isak Aarøen

2STD
Mads Jørgen Sjursen Sande, Sondre Grotle, Vetle Holsen Kyte

Drømmeklassen 1

Onsdag 17. august fekk skulen besøk av forskarar som hadde ei undersøking knytt til prosjektet med Drømmeskolen. Drømmeklassen 1 blei gjennomført fredag 19. august 2016, av elevmentorane saman med kontaktlærarane for vg1-klassane ved Hafstad vgs. Her ser vi foto frå opplegget denne dagen:

Drømmeklassen 1 ved Hafstad vgs Foto - Ane Birkeland.jpg

Drømmeklassen 1. Foto: Ane Birkeland

Endringar, juli 2017

Det nye offisielle prosjektnamnet er – COMPLETE – med undertittelen: Gode psykososiale læringsmiljø betrar gjennomføring i den vidaregåande skulen. Namnet refererer til å fullføre/gjennomføre vidaregåande skule, og famnar slik dei to intervensjonane ein skal teste effekten av: Drømmeskolen og Nærværsteam. Namnet vil bli nytta i formidling av resultat både i nasjonal og internasjonal samanheng. Nettside for prosjektet, med aktivitetar og publikasjonar: https://complete.b.uib.no/.  
 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Inger Karin 5.jpg

Inger Karin Oppedal

Pedagogisk leiar

inger.karin.oppedal@sfj.no

57 63 75 07 / 415 30 876

Relaterte lenker

Nettside for prosjektet: https://complete.b.uib.no/