Sogndal vidaregåande skule
Sara, rektor Ole Jørgen og Hanna pynta og klare for middag med Dronninga.

Sara, rektor Ole Jørgen og Hanna pynta og klare for middag med Dronninga.

Dronningbesøk på timeplanen

Elevane Sara Lysgård og Hanna Fredheim fekk ein skuledag utanom det vanlege då dei, saman med rektor Ole Jørgen Øygarden tok turen til Fjaler på United World College. Torsdag 21. september vart UWC-dagen markert ved skulen, og deltakarar møtte opp frå heile verda. Dronning Sonja var ein av gjestene denne dagen, då ho besøkte skulen for 10. gong. 

Tekst: Hanna Fredheim
Foto: Ole Jørgen Øygarden

På programmet var fleire spennande førelesningar og aktivitetar, Pellegrino Riccardi, Laila Bokhari og Thomas Hellum frå NRK, hadde alle flotte førelesningar. Elevar og lærarar frå norske og utanlandske skular heldt workshops om temaet for dagen ”krafta til mangfaldet”. Sara og Hanna heldt også workshop denne dagen, dei fortalde om korleis Sogndal vidaregåande skule inkluderer framandspråklege elevar, opprettheld eit godt sosialt miljø og behandlar elevar med større funksjonshemmingar. Workshopen var vellukka, og fekk god respons frå eit engasjert publikum.
UWC 21sept.jpgAktivitetane var ein stor suksess hjå deltagarane på workshopen.

Seinare på kvelden var det middag for alle besøkjande, ikledd bunadar og folkedrakter. Dronning Sonja var også til stades under middagen, der det vart servert mat frå alle verdas hjørne. Både rektor og elevane er einige om at dette var ein fantastisk oppleving, og dei står att med nye tankar om korleis me kan gjere Sogndal vidaregåande endå betre. 

Tips ein ven Skriv ut