Avslutning_2017_Fellesbilete

Ein fantastisk flott ungdomsgjeng forlet skulen

Så heldt rektor Marta Sofie Vange sin aller siste tale til årets avgangskull. Ho skrytte av ein fantastisk flott ungdomsgjeng og sa at ho i år er veldig spent på eksamensresultata: Kanskje blir de det beste kullet i mi tid her? undra den avtroppande rektoren, og la til at også årets russerevy var den beste i hennar rektortid (12år) i Sogndal.

Tekst / foto: Synnøve Astrid Eimhjellen

På tradisjonelt vis vart årets avgangsfest for tredjeklassingane avvikla med middag og underhaldning og taler frå rektor og elevar i kantina ved Sogndal vidaregåande skule fredagskvelden 9.juni. Om lag 160 elevar hadde funne fram finstasen, mange pynta i bunader i ei stund som dette, ein kveld der også mange lærarar deltek saman med elevane sine for å markere slutten på tre års skulegang.

Veronika Vindedal og Magnus Førde frå 3MKA var stødige konfransierar gjennom middagen. Det vart servert fleire musikkinnslag med nydeleg og stemningsfull sang og gitar frå Mari Bondevik, 3IDA og Rein Elgersma, 3STC og sang frå Marita Holen, 2SSA.  Restaurant og matfag (RM) hadde laga maten, kylling på grønsaksseng med ris, pannacotta med bærsaus til dessert, servert av ein gjeng innleigde yngre elevar. Innleigde til underhaldning under middagen var også taffelmusikarane Eirik Andreas Albretsen og Audun Kristian Oklevik.

Siste avgangskull

- I dag markerar me eit viktig skilje i livet dykkar. De er klare for å gå ut i lære eller starte studiar på universitet eller høgskule. For meg sjølv er også denne kvelden spesiell, de er det siste avgangskullet eg er med å markera etter 24 år som rektor på fire ulike skular, sa rektor Marta Sofie Vange. Humoristisk lovde ho ein kort tale sidan ho ”hadde plaga” elevane med lange velkomsttaler dei tre siste åra.

Rektor-Avslutning-2017.JPG -De er ein fantastisk flott ungdomsgjeng som vi er stolte over. Kanskje blir de det beste kullet i mi tid her? sa rektor Marta Sofie Vange.

Det beste eksamenskullet?

For rektor var det viktig om elevane hadde hatt ei god skuletid på Sogndal vgs og at dei i tillegg til kunnskap også hadde  lært gode holdningar og gode arbeidsvanar til bruk i resten av livet og at dei kunne sjå tilbake på skuletida med glede. Rektor var særleg spent på årets eksamensresultat. -Dei resultata me har fått til no er dei beste eg har sett på munnleg eksamen. Kanskje de blir det beste kullet i mi tid? sa rektor.

Beste russerevy

I talen sin nemde ho sjølvsagt nyeskulen, endeleg samla i eitt bygg etter 25 år, ho vona at elevane også var nøgde og takka dei for at dei hadde vore tolmodige i det gamle gymnasbygget.

- Eg tek opp att det eg sa då eg takka dykk for revyen, de hadde den beste russerevyen i mi rektortid i Sogndal. Ho nemde også eit anna stort og flott arrangement som medieelevar har stått for, Sogndal Filmfestival.

Kultur på høgt nivå

– Sogndal Filmfestival er ein fantastisk flott måte å marknadsføre skulen og medietilbodet på. Kulturkvelden som de arrangerte på filmfestivalen, var kultur på høgt nivå, sa rektor.

Russen fekk takk for å vere ryddige i russetida og for eit stort samfunnsengasjement , ikkje minst med tanke på årets Krafttak mot Kreft, som samla inn heile 366 677, som og  var rekord.  Eshowe innsamlingane over tid vart også nemde.  - Her har de elevane i Sogndal verkeleg gjort ein forskjell for mange, sa rektor Marta Sofie Vange.

Mari og Rein  2.JPGVakker musikk frå Mari Bondevik, 3IDA og Rein Elgersma 3 STC.

Marita Holen-2017.JPG
Vakker sang frå Marita Holen, 2SSA.


Konfransierar.JPGVeronika Vindedal og Magnus Førde frå 3MKA var stødige konfransierar gjennom middagen .

Tips ein ven Skriv ut