Elevar på golfbana på Stokkenes

Elevar på golfbana på Stokkenes

Ein sjefsdag!

Tidlegare i vinter deltok VG1-klassene ved skulen på opplegget "Sjef i eige liv", der elevane mellom anna lærer om å ta kontroll over eigen økonomi. I samband med ein reportasje til finansnæringa sin dag,  hadde Arvid Andenes med seg eit filmteam rundt på oppdrag i fylket. Han ynskte å gjere opptak av «Sjef i eige liv» for å synleggjere samarbeidet med Ungt Entrenørskap og skulane i fylket. ​1stb vart med på denne filmen.

Galleri

2016-05-26 13
2016-05-26 11
2016-05-26 13

Link til filmen finn de her:   https://app.frame.io/f/IR2692e5

Som takk for at elevane stilte opp til filming, fekk klassene eit tilsudd til sosialtiltak, og dette brukte 1sta og 1stb til ein tur på Stokkenes golfbane. Veret var fantastisk og pizza bestilt til 61 elevar og 6 lærarar. Vi gjekk i samla tropp frå Eid vgs kl. 10.30.

På golfbana vart elevane delt i tre grupper. Her fekk elevar og lærarar ein time med golf-instruksjon, putting og mange forsøk på driving-range. Vi opplevde alt frå det geniale til det vi får kalle gode forsøk, men kjekt var det:)  Ein time brukte vi til natursti i nydelege omgjevnader på golfbana med diverse spørsmål frå matematikk, naturfag og lærarane sine "hemmelege liv". Her var elevane særs nysgjerrige på kven av kontaktlærarane det var som ein gong var blitt kasta ut av ein tysktime, og kven det var som var blitt kasta ut frå ein campingplass pga bråk...... svaret kjem i neste veke:)  Ein time brukte vi til diverse kroppsøvingsaktivitetar, som volleyball, fotball, frisbee og kubb.  I matpausen kosa vi oss med pizza, drikke og avslapping i sola. Mot slutten av skuledagen var alle glade og trøytte, mange litt raude på skuldrane, og vi var einige om at det hadde vore ein flott dag!

 

Mvh Ingrid, Anita, Sigrid, Tone

Tips ein ven Skriv ut