Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Eksamen/Eksamensdagen

Eksamensdagen

Oppmøte

Eksamenskandidaten skal møte i eksamenslokalet seinast 15 minutt før oppgåvene blir delt ut. Rektor kan pålegge kandidaten å møte tidligare, om dette er naudsynt av praktiske grunnar.

Skulen har ansvar for å kontrollere identiteten til eksamenskandidaten. Eksamenskandidaten kan måtte vise legitimasjon (ID).

Kor lenge varer eksamen?

Lengda på eksamen er avhengig av eksamensordninga i faget. (Utdanningsdirektoratet: reglar for enkelte fag)

Rammene for eksamen på eksamensdagen skal være:

  • skriftlig eksamen – inntil 5 timer
  • muntlig eksamen – inntil 30 minutter per elev eller privatist
  • muntlig-praktisk eksamen – inntil 45 minutter per elev eller privatist
  • praktisk eksamen – inntil 5 timer

Hjelpemiddel

Skulene skal legge til rette for og i størst mogleg grad gjennomføre IKT-basert eksamen.

  • Eigen PC: Eleven brukar eigen PC til IKT-basert eksamen. Skulen skal ha brukarstøtte tilgjengeleg for eleven under gjennomføring av eksamen, og stille med utlåns-PC dersom eleven sin PC sluttar å fungere.

Eksamenstilsynet, eller den rektor peikar ut, kan kontrollere at eksamenskandidaten berre har tilgang til lovlege hjelpemiddel. Vesker, mobiltelefonar og liknande skal settast på anvist stad.

Fusk, bortvising og plagiat

Elektronisk kommunikasjon

Det er ikke tillatt å opprette eigne nettverk eller nytte anna elektronisk kommunikasjon for å unngå sperrer og begrensningar som er satt opp i forbindelse med opplæring og eksamen. (Jfr. IKT-reglement.)

Hindre eksamen

Eksamenskandidaten skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Om eksamenskandidaten bryt gjevne reglar eller ikkje rettar seg etter pålegg tilsynet gjev kan kandidaten etter advarsel bli vist bort frå eksamen.

Annullert eksamen

Eksamen i eit fag kan bli annullert om ein eksamenskandidat har fuska eller prøvd å fuske ved eksamen. Dette vert avgjort av rektor. Eksamenskandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor gjer enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen.

Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan eksamens-kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

For ytterlegare informasjon om gjennomføring av eksamen, sjå:

Alle eksamenskandidatar skal få informasjon frå skulen om eksamensavviklinga. Rektor er ansvarleg for at eksamen blir gjennomført i tråd med opplæringslova og retningslinjene gitt av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tips ein ven Skriv ut