www.sogndal.vgs.no

Elev som monterar i lyktestolpe

Foto: Focus UB

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på elektrisk utstyr, elektroniske system og data? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Startar du eit utdanningsløp innan elektrofag kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på Elektro ved Sogndal vidaregåande skule utdannar seg mellom anna vidare innan elenergi, energioperatør, energimontør, dataelektronikk/IKT, køyretøyfag, automatisering, telekommunikasjon og romteknologi.

Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk til arbeid innan energiverk, serverdrift, elektronikkbedrifter, bustadinstallasjon, industri, flybransjen, jernbanedrift, køyretøy, osv.

Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no - elektrofag

Elektro ved Sogndal vidaregåande skule

Sogndal vgs har ei stor elektroavdeling med erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. På Vg2 og Vg3 vert utplassering i bedrift nytta som læringsarena. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Sogndal vidaregåande skule tilbyr desse kursa innan yrkesfaget Elektro:

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på elektroavdelinga og du vert ein del av eit stort fagmiljø. Det er kort veg til  dei andre yrkesfaga på skulen som blant anna Teknikk og industriell produksjon og Bygg og anleggsteknikk. Skulen har store og flotte lokale som stod ferdige hausten 2011.

Vidare utdanning

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev). Etter fullført yrkesfagleg opplæring kan du gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning: Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, Fagskuleutdanning og/eller Ingeniørutdanning – Y-vegen.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Henry Arne Helle.jpg
Henry Arne Helle
Avdelingsleiar Yrkesfag
57 67 64 09 / 908 49 591
henry.arne.helle@sfj.no

Relaterte lenker