www.sogndal.vgs.no

Elektro bilde av elevar og lærar

Elektro bilde av elevar og lærar

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og er nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Likar du å yte god service? Elektrofaget gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval.

Elektrofag er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs:

  • Vg1 Elektrofag
  • Vg2 Data og elektronikk
  • Vg2 Automatisering
  • Vg2 Elenergi
  • Vg3 Dataelektronikerfaget
  • Vg3 Automatisering (fom skuleåret 2017/2018)

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no: Elektrofag

Elektrofag ved Eid vidaregåande skule

Eid vgs har ei stor elektoravdeling. Frå hausten 2016 er det to klassar Vg1 elektro med 12 elevar i kvar klasse.  På Vg2 har vi ei klassar innan elenergi, ei automasjonklasse og ei klasse for data og elektronikk. På Vg2 tilbyr Eid vgs både Vg3 dataelektronikarfaget og frå hausten 2017/2018 Vg3 automatisering.  Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på elektroavdelinga og du er ein del av eit stort fagmiljø. Du er også kort veg til  dei andre yrkesfaga på skulen, teknikk og industriell produksjon, industriell møbel og design og handverk. Skulen har ein flott verkstadfløy.  

Kvifor velje dette faget

Elektrofag gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk for eksempel i strømforsyning, boliger, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.

Vegen vidare

Hvis du ønskjer å utdanne deg til eit av hovedområda elektrofag, elektronikkfag, flyfag eller sjøfartsfag, kan du velge denne studieretninga. Etter tida på skule er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet, og vil du seinare ta fagskule eller ingeniørutdanning er det også stort behov for deg .

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Utdanningsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811

Ove.Lillestol@sfj.no

Relaterte lenker