www.sogndal.vgs.no

Elev-pc

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev stønad til kjøp av berbar pc gjennom våre ordningar til elevar som startar i VG1 for fyrste gong.

Du har to val:

Val 1 – Kjøpe subsidiert elev-pc gjennom leverandøren til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Val 2 – Bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning

Informasjon om kjøp av elev-pc

Dette tilbodet er for deg som skal starte i vg1 ved ein offentleg vidaregåande skule i Sogn og Fjordane for fyrste gong. Du får tilbodet om å kjøpe pc gjennom den fylkeskommunale ordninga berre éin gong, og kan berre kjøpe éi maskin.

Grunnmodellen er i prinsippet kostnadsfri for alle elevar, fordi utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale. Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten.

Grunnmodellen i ordninga kostar tre gonger lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen.

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på utstyrsstipend frå Lånekassen.

Tidspunkt og fristar

18. juni 2018

Nettbutikken opnar for kjøp

27. juli 2018

Bestillingsfrist for garantert levering før skulestart (levering mellom 1. og 17.august)

28. juli–12. august 2018

Bestillingar gjort denne perioden skal seinast leverast 24.august

13. august–29. november 2018

Bestillingar gjort denne perioden vert levert fortløpande med inntil 10 virkedagar leveringstid

30. november 2018

Nettbutikken stenger for kjøp

 

Dersom du bestiller etter 27. juli, eller dersom du vel å ikkje nytte ordninga, er du og dine føresette ansvarlege for at du stiller med berbar datamaskin til første skuledag. Dette er viktig fordi du i løpet av dei første dagane i skuleåret skal registrere deg digitalt, laste ned programvare, og få opplæring i systema som skulen nyttar.

Du kan bestille elev-pc heilt fram til 30. november 2018. Du kan difor starte skuleåret med ei maskin du har frå før, og heller nytte ordninga i løpet av hausten dersom du ser at maskina di ikkje er god nok.

Godkjenning av bestillingane startar etter 1. inntaket 4. juli.

Bestilling

Atea sin nettbutikk for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Du/føresette betaler via bank- eller kredittkort i nettbutikken.

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Første avdrag må betalast ved bestilling i nettbutikken. Du får 300 kroner i rabatt på grunnmodellen dersom du betalar heile kjøpet når du bestiller. Les meir under «Kjøp på avbetaling».

Forsikring er ikkje inkludert. Du kan kjøpe treårig forsikring som eit tilval i nettbutikken.

Du får maskina levert per post til leveringsadressa du legg inn i nettbutikken.

Kjøpsvilkår

Når du kjøper maskin på elevpc-ordninga til fylkeskommunen, betyr det at du nyttar fylkeskommunen si avtale med Atea. Du overtek eigarskapet når du hentar ut maskina.

Avtalen er eit offentleg innkjøp der Sogn og Fjordane fylkeskommune er oppdragsgjevar og avtalepart til Atea. Sidan dette er ei avtale mellom ein fylkeskommune og ei bedrift vil kjøpslova gjelde i staden for forbrukarkjøpslova. Kjøpslova gjev færre rettar enn forbrukarkjøpslova.. Dine rettar følgjer då kjøpslova og garantien til produktet. Forbrukarkjøpslova, angrerettlova eller andre forbrukarlover gjeld ikkje ved kjøp på elevpc-ordninga.

Begge modellane i ordninga har tre års garanti. Forsikring er ikkje inkludert!

Du kan velje å kjøpe ei tre års sikring mot uhell når du bestiller i nettbutikken. (Brann og tjuveri er ikkje dekka. Det kan difor vere lurt å sjekke om dette vert dekka gjennom eigne private forsikringar).

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilrår å kjøpe sikring i tillegg, eller passe på at du eller føresette har annan privat forsikring som kan dekke tap av, eller skader på, maskina kjøpt gjennom ordninga.

Du og dine føresette er ansvarlege for å skaffe ny maskin ved tap eller skade.

Du eig maskina og melder sjølv inn eventuelle førespurnader om service og support til leverandøren.

Sjå elles nettbutikken for vilkår

Modellar og prisar

Modellar og prisar for ordninga som gjeld for skuleåret 2018/2019 vert lagt ut 14.juni 2018

Ordninga tilbyr ein grunnmodell og ein kraftigare modell. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.

Nokre av utdanningsprogramma krev Windows grunna lisensiert programvare som elevane treng. Har du lese og skrivevanskar kan det også hende at du treng Windows for å køyre ulike hjelpeprogram. Les meir under «Viktig om val av maskin».

Grunnmodell

Modell: Lenovo Thinkpad L480

Spesifikasjonar: Intel Core i3-8130U, 8GB RAM, 128GB SSD, 14’’ skjerm, integrert Intel HD Graphics 620, byggkvalitet MIL-STD-810G

Pris: kr 2796,- (om du betalar alt på ein gong) eller kr 3096,- (om du vel avbetaling)

Uhellsforsikring: kr 764,-

Kraftig modell

Modell: Lenovo Thinkpad E580

Spesifikasjonar: Intel Core i5-8250U, 8GB RAM, 256GB SSD, 15,6’’ skjerm, AMD Radeon RX 550 skjermkort, byggkvalitet MIL-STD-810G

Pris: kr 5700,- (heile beløpet må betalast på ein gong)

Uhellsforsikring: kr 764,-

Les meir om maskinene og uhellsforsikringa i nettbutikken.

Bruke eiga maskin eller kjøpe utanom vår ordning

Maskina di må vere god nok til læringsarbeidet på skulen. Den må ha Windows eller Mac OS, samt antivirus installert. Maskiner med «Windows S» kan ikkje nyttast då dei ikkje kan installere dei programma du skal bruke.

Vi tilrår at maskina du skal bruke har SSD-lagring. Det trådlause nettverkskortet på maskina må minimum støtte standarden 802.11ac og 5Ghz nett.

Alle elevar får nytte MS Office og digitale ordbøker gjennom våre avtalar. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre desse programma. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.

Kjøp på avbetaling

Du kan kjøpe grunnmodellen i ordninga på avbetaling over tre år. Då betalar du det du får i utstyrsstipend kvart år. Du betalar første avdrag ved bestilling på nettet og får faktura på dei to siste avdraga. Avdrag nummer to vert fakturert hausten 2019, og avdrag nummer tre vert fakturert hausten 2020. For å nytte avbetalingsordninga må ein føresett inngå avtalen. Skuleåret 2018–19 er lågaste sats for utstyrsstipend frå Lånekassen 1032 kroner.

For å nytte avbetalingsordninga må ein myndig person godkjenne avbetalingsavtalen. 

Om eleven er myndig kan ho/han godkjenne avtalen sjølv, eller så må ein føresett godkjenne den. Godkjenninga vert gjort etter at bestillinga er gjort i nettbutikken og opplysningane til den som skal godkjenne er lagt inn i der. Den som skal signere får ein epost med lenkje til ei digital signering av avbetalingsavtalen. Ved å velje avbetaling som betalingsform plikter føresett/elev å betale tilsendte fakturaer sjølv om eleven går ut i lære etter Vg1 eller Vg2, eller bryt opplæringsløpet sitt.

Dersom du kjøper den kraftige modellen, kan du ikkje nytte avbetalingsordninga.

Viktig om val av maskin

Grunnmodellen kan nyttast på alle utdanningsprogramma (om ikkje anna er avtalt med skulen) og høver godt til dagleg skulebruk. Ta kontakt med skulen om du er i tvil om kva du bør kjøpe.

PC eller Mac?

På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som berre fungerer med Windows. For mange elevar vil PC difor vera det beste alternativet. Dersom du likevel ynskjer å bruka Mac på desse utdanningsprogramma vil du måtte skaffa deg ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac (dual-boot). Det finst også programvare som kan køyre Windows i ei virtuell maskin. Det er ikkje mogleg å kjøpe Mac gjennom ordninga, og ynskjer du Mac må du kjøpe denne ein annan stad.

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: Teknikk og industriell produksjon, Byggfag og Elektro.

Har du lese og skrivevanskar? Nokre program, som LingDys, Textpilot o.l., er berre laga for Windows. Brukar du desse programma lyt du ha Windows. Det fins også programvare laga for bruk på Mac OS (Lingpilot, IntoWords).

Medium og kommunikasjon: Skal du gå medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt ved før du bestiller. Skulen har råd om kva for modell som er best eigna til elevar ved medium og kommunikasjon. Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du tinge elev-pc, og avbestille undervegs. Betalinga vert då refundert til kontoen som vart nytta ved kjøpet.

Kontaktinformasjon

Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, 08.00-15.00) eller send e-post til elevpc@sfj.no

Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22 09 50 30 eller send e-post til elev.sffk@atea.no

Kontakt Atea om service og support: https://www.atea.no/elevpcfelles

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, kl. 08.00–15.00) eller send e-post til elevpc@sfj.no

Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22 09 50 30 eller send e-post til elevpc.sffk@atea.no

Bestill PC

Support